Uttaket på landslaget hadde eidaren så smått rekna med skulle kome til viktige kvalifiseringskampane tidlegare i haust.
Azar Karadas står bokført med tre A-landskampar frå landslagsturneringa i midtausten i 2003, og får no ein ny sjanse til å vise seg fram for Åge Hareide. Eidaren er i form og har laga fire seriemål for Benfica, som leier portugisisk toppserie.
I helga sette han inn eitt mål og la opp til eitt då dei vann 4-0 over Vittoria Setubal.