Sjølv om Sogndal hadde mange sjangsar, og Håvard Flo sette eit brassespark i stanga, var det Bryne som kunne gå i garderoben med leiing etter halvspela tid.
Men i det 53. minutt utlikna Anders Stadheim, og berre tre minutt seinare heada Thormod Ness inn 2-1. Etter ein forsvarsfeil av Sogndal utlikna Bryne, og det stod uavgjort på Fosshaugane.
Endeleg mål for Tommy
Då losna det endeleg for Tommy Øren. I det 87. minutt sette han inn sitt fyrste eliteserie-mål etter skadeavbrekket i fjor.
Sogndal har no 5 poeng, og ligg nest sist på tabellen. Start ligg sist med 4 poeng.