NRK Meny
Normal

Endeleg får dei nynorsk

FLORØ (NRK): – Kvifor skal ikkje eg skrive det same språket som mannen min, spør Yuliana Galetskia frå Russland. Klassen hennar ved norsksenteret i Flora byrja i haust med undervising på nynorsk.

Kvifor skal ikkje eg skrive det same språket som mannen min, spør Yuliana Galetskia frå Russland. Klassen hennar ved norsksenteret i Flora byrja i haust med undervising på nynorsk.

TETT OPPFØLGING: Yuliana Galetskia får god hjelp av lærar Hilde Kristin Ellingsund.

– Eg har vore i Noreg i tre månadar, men gler meg til å skrive det same språket som alle andre, smiler Galentskia.

I mai 2016 byrja norsksenteret i Flora kommune sin fyrste klasse med undervising på nynorsk.

Heilt sidan oppstarten på slutten av 80-talet har all undervising gått føre seg på bokmål. Dette var grunna mangel på materiell og lærebøker på nynorsk.

Afghanar på norskundervising

KONSENTRERT: Rhamatollaha Ozbak meiner nynorsk er viktig fordi det er det borna hans lærer på skulen.

Foto: Ahmad Dean / NRK

– Eg vil berre lære å skrive som borna mine.

Rhamatollaha Ozbak

For åtte år sidan kom Ozbak til Noreg med familien sin. Med fire born i skule og universitet ser han kor viktig det er at han kan nynorsk, og gler seg over tilbodet norsksenteret no har.

– Det er bra å lære nynorsk, fordi når eg bur i Florø, vil eg skrive som dei i Florø, smiler Ozbak.

Nynorsk hjelp på integrering

– Eg erfarer at dei blir framandgjort endå meir når dei skriv bokmål, seier lærar Hilde Kristin Ellingsund.

Lærar Elllingsund underviser i nynorsk ved norsksenteret i Flora

NYNORSK PÅ TAVLA: Etter mange år med berre bokmål, er Ellingsund glad for å skrive nynorsk på tavla.

Foto: Ahmad Dean / NERK

Ellingsund har vore lærar ved norsksenteret sidan 2012, men fekk fyrst i april lov til å byrje undervising på nynorsk.

– Det er viktig å kunne hjelpe borna sine med lekser, lese brev og følgje med i avisene, seier Ellingsund.

Ifølgje skulen skal alle nye klassar undervisast på nynorsk, så om nokre år jobbar heile norsksenteret på nynorsk.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast