Hopp til innhold

Endeleg nådde Bjørnar målet

HØYANGER (NRK): Bjørnar Oppedal (16) frå Gulen har vore med på UKM fleire gongar, men i år er det heilt spesielt. – I år skal eg spele eit stykke eg har hatt lyst til å spele sidan eg var ti år.

UKM Sogn og Fjordane 2018

NÅDDE MÅLET: Her kan du sjå og høyre Bjørnar Oppedal framføre tredje satsen av Måneskinssonaten som han lenge har drøymt om å klare.

Stykket han har drøymt om å klare er tredje sats av Måneskinssonaten til Beethoven.

– Det er eit veldig avansert stykke, men likevel så fint og så klassisk. Og så er det ein tredjesats av ein heil sonate eg har spelt første og andre sats av før.

Etter UKM landsfestivalen i fjor sette den unge pianisten seg eit mål. Der vart han nemleg kjend med ein annan ung pianist som spelte nettopp dette stykket.

– Kan han klare det, skal eg klare det til neste år! tenkte Bjørnar

Sidan då har sekstenåringen øvd mykje kvar dag, blitt betre og betre, og i det siste har det vore finpuss. Klassetur til Polen gjer at han ikkje har øvd på ei veke.

Bjørnar er spent.

Ristar på hendene når han blir nervøs

Bjørnar Oppedal på UKM

VIL BLI PIANIST: Bjørnar Oppedal har målet klart.

Foto: TURID ASTRID REKSTEN / NRK

– Første gong eg greidde å spele stykket vart eg veldig, veldig glad inne i meg. Søndag skal det framførast for publikum, og før konserten er det blanda kjensler:

– Eg gler meg veldig, men er og nervøs for at eg skal kome ut av det, men eg trur det skal gå fint. Rett før eg skal på scena blir eg først veldig nervøs, så tenkjer eg at dette klarar eg, og når eg har roa meg heilt ned byrjar eg å spele.

Det beste er å få vise seg fram

– Det aller beste med å vere her er å vise fram alt eg kan!

Bjørnar seier oppglødd at UKM gir gode rammer for å få vekk sceneskrekk, kose seg med musikk og god stemning, og ikkje minst å bli kjend med fleire unge kunstnarar.

– Landsfestivalen i fjor var den kjekkaste leiren eg har vore med på.

Kva drøymer du om?

– Eg drøymer om å bli ein stor artist, innan klassisk eller populærmusikk.

Nålauget er trongt, men det er det han håpar på å få til.

I år deltek Bjørnar på UKM med to innslag. Laurdag kom tonane til Dance of the Sugar Plum Fairy av Pyotr Tchaikovski ut frå pianoet på scena i Høyanger.

Søndag var den store dagen. Då skulle han oppfylle draumen om å framføre tredje sats av Måneskinssonaten. Han var først ut på den siste konserten i Høyanger denne helga og tangentane fauk over tangentane.

Korleis det gjekk kan du sjå i videoen øvst i saka.