Hopp til innhold

Endeleg losna det for Sogndal

Endeleg losna det for Sogndal. Etter berre å ha tatt eitt poeng dei fire første kampane, sikra dei seg tre poeng borte mot Haugesund i sundagens kamp.

Bjørn Inge Utvik scorar mot gamleklubben

SCORA: Bjørn Inge Utvik kom frå Haugesund til saftbygda i fjor haust. Her scorar han Sogndal sitt tredje mål mot gamleklubben.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix

– Det kjennest først fremst ufatteleg herleg. Slik oppsumerer assistenttrenar Tom Mangersnes tremålssigeren borte mot Haugesund.

– Eg må få lov å seie at det og kjennest ufatteleg fortent også, etter å ha gått å stampa nokre veker utan å få det heilt til.

Etter ein heller trå start på sesongen for Sogndal har spelarar og trenarar har gått fleire rundar med seg sjølve. Berre heimekampen mot Sarpsborg 08 hadde resultert i poeng, før sundagens bortekamp mot Haugesund.

Tidleg leiing

Assistenttrenar for Sogndal, Tom Mangersnes

VIKTIG MED TIDLEG LEIING: Assistenttrenar Tom Mangersnes

Foto: Arne Stubhaug

– Vi har hatt tru på det vi gjer heile tida, men ein skal aldri undervurdere viktigskapen av å ta leiinga.

Og det gjorde Sogndal i Haugesund. Først scora Mahatma Otoo etter 16 minutt, etter 34 minutt plasserteogså Hjoertur Logi Valgardsson ballen i nettmaskene bak haugesundskeeperen.Dermed leia Sogndal 2–0 til pause.

Tredje og siste målet i kampen prikka Bjørn Inge Utvik inn mot dei tidlegare lagkameratane 19 minutt ut i andre omgang.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var viktig etter den prosessen vi har hatt at vi kom i leiinga. Det gjorde vi gjennom å finne tilbake til det som var suksessfaktoren i vintersesongen; vi gjekk i strupen på motstandaren frå stat av.

Keeperbytte

I sundagens kamp var også målvakt i dei første kampane, Mathias Dyngeland, bytta ut med Erik Dahlin.

– Vi kan ikkje laste Mathias for noko av det som har skjedd av baklengsmål. Men når du har tatt eit mål på fire kampar og sleppt inn 11. Då er det ikkje sikkert det er god spelarutvikling å la Mathias fortsette å stå i mål.

Difor valde Sogndal å ta inn svenske Eirik Dahlin som har nokre år meir på baken og meir erfaring. Om det også er Dahlin som er førstevalet når Sogndal møter Rosenborg heime 1. mai vil ikkje Mangersnes seie noko om i dag.

– Som i alle andre posisjonar så er det ein konkurransesituasjon. Vi får sjå når vi nærmar oss torsdag kva som står på papiret då.