Hopp til innhold

Jim sende Sogndal til topps med venstreslegga

SOGNDAL - ÅSANE 3-0 (NRK): Jim Johansen sine første mål for Sogndal var perler av det sjeldne slaget på Fosshaugane.

Jim Johansen etter kampen

SJÅ VIDEO: Jim Johansen stortrivast i Sogndal. Det viste att på grasmatta mot Åsane. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Før det hadde gått halvtimen av oppgjeret mot Åsane, hadde Jim Johansen funne vinkelen to gonger.

Begge frå hjørnet av 16-meteren. Og begge utagbare for keeperen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Dei var fine, men eg har scora finare mål, gliser han.

Kan avgjere kampar

Harstadværingen er i vår lånesoldat i sin sjette klubb og viste mot Åsane kva avslutningskvalitetar som bur i han og venstreslegga.

Eirik Bakke etter kampen mellom Sogndal og Åsane.

SJÅ VIDEO: Trenar Bakke er rask med å helle kaldt vatn i sigersrusen. Allereie onsdag ventar Bryne. – Det var ein god start på ei veke der det handlar om ni poeng. Det er poeng vi har lyst på for å vere med i toppen, seier Bakke. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Jim Johansen og Lars Christian Kjemhus

JUBEL: Jim Johansen og Lars Christian Kjemhus jublar over harstadværingen sitt andre mål.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

– Det var moro for Jim. Han har jobba hardt sidan han kom, og eg veit det bur mål i han. Han må berre stå på og jobbe hardt framover. Det gjorde han i dag, og då veit vi at han kan avgjere fotballkampar, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Banas beste

Sigeren, og ikkje minst spelet, var etterlengta for Sogndal. Førre heimekamp enda i tap for Levanger. Så tapte dei to poeng på overtid mot Kristiansund.

Stefan Hagerup etter kampen mellom Sogndal og Åsane.

SJÅ VIDEO: Stefan Hagerup fekk ein god start i Sogndal-trøya. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Mot Åsane var Sogndal klart best i 90 minuttar. Etter 70 minuttar vart ein tydeleg sliten Johansen bytt ut. Like før slutt vart han kåra til heimelagets beste spelar.

– Det var i alle fall godt å score i dag, seier 28-åringen.

– Glitrande fotball

– Eg tykkjer vi spelar glitrande fotball i dag. I alle fall i 1. omgang. Vi hadde hurtige kombinasjonar og god flyt i spelet. Då klarer ikkje Åsane å henge med, seier Johansen.

Lars Christian Kjemhus etter kampen mellom Sogndal og Åsane.

SJÅ VIDEO: Tidlegare Fana-spelar, Lars Christian Kjemhus, var godt nøgd etter sigeren over Åsane. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Trenar Bakke kunne trekkje godt på smilebandet etter tre nye poeng. Ikkje minst var han nøgd med responsen etter Levanger-tapet. Sigeren mot Åsane kunne, og burde, vore større.

Robin Shroot sitt soloraid mellom Johansen sine scoringar sytte for 3-0-siger.

– Vi kunne fort scora fleire mål heile gjengen, og det lovar godt at vi kjem til mange sjansar, seier han.

– Sogndal var gode

– Etter den dårlege heimekampen sist, så venta eg ei heilt anna innstilling i dag. Det fekk vi. Når vi spelar slik som i dag, så trur eg fleire kan slite mot oss, legg Bakke til.

Håkon Lorentzen etter kampen mellom Sogndal og Åsane.

SJÅ VIDEO: Haakon Lorentzen er Brann-spelar på utlån i Åsane. Mot Sogndal fekk han lite til. (FOTO: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

Haakon Lorentzen

VANSKELEG: Haakon Lorentzen (i midten) og Åsane hadde store problem med å trenge gjennom Sogndal-forsvaret.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Det er Åsanes Haakon Lorentzen samd i. Overraskingslaget, som stod ubesigra på seks kampar før turen til Fosshaugane, kom kraftig ned att på jorda.

– Sogndal gjorde ein god kamp. Vi kom med sjølvtillit og skulle spele vårt spel, men i dag var vi ikkje gode nok. Vi kom på etterskot i alt vi dreiv med og sleit frå starten av, seier han.

Bergensblad herja

Lars Christian Kjemhus

FRÅ INTET: Lars Christian Kjemhus har kome frå det store inkje og etablert seg på Sogndal.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Dei to «bergensblada» Petter Strand og Lars Christian Kjemhus var blant dei som gjorde arbeidsdagen vanskeleg for Åsane. Sistnemnde har sjølv budd i Åsane. Den tidlegare Fana-spelaren var strålande nøgd med sin arbeidsdag.

– Eg storkosa meg. Ting sat for heile laget, og då er det gøy å spele fotball, stråla 21-åringen.

– Det er spesielt kjekt med denne sigeren, mot gamle lagkameratar og kjende frå Åsane, der eg sjølv budde ein liten periode, legg han til.

– No er de på tabelltopp. Skal de halde dykk der?

– Eg håpar det. Det er opp til oss sjølve. Når vi spelar slik, er vi beste laget i ligaen.

Laster innhold, vennligst vent..