Endeleg kunne vestlendingane nyte sola

Etter ein søkkvåt haust fekk vestlendingane endeleg smake litt på finvêret – og med varmegradane kom ny varmerekord.

Sol i Førde

I SOLA: Det gjekk litt raskare å kome seg ut for å leke når det ikkje hølja ned for Olivia Vallstad og Lisa-Victoria Lillestól i Førde.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Sol i Førde

ETTERLENGTA: Slik ser altså sola ut, i fall nokon hadde gløymt nettopp det.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

I Bergen viste gradestokken 23,8 varmegrader – den høgaste målte temperaturen i oktober. Det er 0,7 grader meir enn den gamle rekorden frå 2005. Ikkje sidan dei starta målingane i 1905 har det vore høgare temperatur.

I Sogn og Fjordane fekk Svelgen truleg den høgaste temperaturen med 23,2 gradar. På Kråkenes fyr målte dei 22,6 gradar. Det var desidert varmast i ytre strøk.

– Det har vore ein fin dag med store variasjonar, og det luktar rekordar på lang veg. Sist det var såpass varmt her i fylket var 11. oktober i 2005, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Rekordvåt haust

Og det var ein etterlengta dag for vestlendingane. Endeleg kunne bygningsarbeidarane ha på seg lettare kler og borna kunne sleppe støvlar og regnklede, for ein gongs skuld.

Mange hadde kanskje gløymt korleis sola såg ut, for årets september månad var den våtaste nokosinne. Enkelte dagar har det vore opp mot 100 millimeter nedbør i løpet av ein dag, og ei rekkje målestasjonar fekk nye nedbørsrekordar.

Sol i Førde

UTELEIK: Astrid Bakke Grimeland og Olav Fossheim naut det fine vêret.

Foto: Ole Kollstrøm Heilevang / NRK

Regnet kjem tilbake

Men det fine vêret varer ikkje lenge. Allereie til helga kjem meir nedbør skyljande over vestlandet. Då kan ein vente opp mot 150 millimeter med nedbør.

– Dessverre ser det ut til å bli ei våt helg. Fredag startar fint, men frå kvelden kjem regnet. Det vil halde på til søndag kveld, seier Fagerlid.