– Det er gøy og litt spennande når ein endeleg har bursdag. Det går jo fire år før du har bursdag, fortel åtteåringen som måndag gjesta NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending i radio.
- Les også:
Ei av ganske få
Fødd 29. februar 2008 har det blitt smått med smått med verkelege bursdagar for den unge Førde-jenta. Åremålsdagen må stort sett feirast ein dag for tidleg eller ein dag for seint. Førre bursdag var ho fire. Den hugsar ho lite frå.
– Eg hugsar berre at eg song «gratulerer med dagen» til meg sjølv, og så miksa eg den med «Rosa Helikopter», ler andreklassingen.
Ifølgje Statistisk sentralbyrå kan 3 493 skotårsborn feire bursdagen sin måndag 29. februar i år. Til samanlikning feirar 14.766 bursdagen sin dagen i før, mens 15.708 nordmenn er fødde 1. mars. Av alle skotårsborna, er det i år flest 28-åringar.
- Les også:
Feirar dagen lang
Skotårsbarnet er strålande nøgd med dagen som starta med frukost og kake på senga.
– Den har vore veldig fin. Eg klarte meg bra på skulen, og alle sa gratulerer med dagen til meg. Og veit du, det er noko kult med skulen, altså. Det er ein i 2B har bursdag på akkurat same dag!
Med presangar i form av både klede, pengar og leiker har dagen svara til forventningane. Og planen for feiringa:
– Vi skal leike. Det er på Leikand i Førde. Vi skal ha det gøy, leike og ete kake. Og vi skal ha mange av vennane mine, alle jentene i klassen, fortel skotårsbarnet Mira Valvik Snæland.
Neste gong Mira og andre skotårsbarn har bursdag på rett dato, skriv vi 2020.