Hopp til innhold

Endeleg kunne jentene kome tilbake til skulen sin

FLÅM (NRK): Storflaumen i oktober 2014 tok brua til skulen og elevane måtte evakuere i all hast. I dag jubla elevane då dei igjen kunne ta skulen sin i bruk.

Nyopning av Flåm skule

GLADE JENTER: Marie, Inga og Victoria kunne i dag igjen gå over brua til skulen i Flåm.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Det er fint å vere tilbake. Det har vore kjekt å gå i Aurland, men no gleda eg meg til å starte her i Flåm igjen, seier Marie, som startar i 6. klasse i dag.

Ho og ei venninne var blant dei siste som forlét skulen den dagen flaumen kom.

– Vi hadde hatt musikk og så fekk vi beskjed om at heile skulen måtte evakuere. Klokka 23 den same kvelden fekk vi melding om at heile bygda måtte evakuere, så då tok vi med oss naboen og drog til Aurland, fortel Marie Hoel-Hansen.

Gler seg til skulestarten

Venninnene Victoria og Inga er samde om at det blir kjekt å starte på eit nytt skuleår på deira eigen skule i heimbygda Flåm.

Elevane ved Flåm skule i Aurland hadde ein heilt spesiell dag i dag. Ti månader etter den store flaumen, kunne elevane igjen gå over elva og ta i bruk den vanlege skulen.

SJÅ TV-SAKA: Elevane ved Flåm skule i Aurland hadde ein heilt spesiell dag i dag. (FOTO/REDIGERING: HEIDI LISE BAKKE/NRK)

– Det har gått bra å gå i Aurland, men eg har gleda meg til å kome tilbake til Flåm skule. Det er litt mindre komplisert, og det er skulen min, seier femteklassingen Victoria Gangdal Bøe.

– Det blir veldig kjekt og gøy at skulen opnar igjen. Men vi kunne kanskje hatt bitte litt lenger sommarferie. Men den nye brua ser veldig trygg ut, meiner Inga Inga Tørud Håland som skal starte i 4. klasse.

Skuleelevane opnar brua til skulen i Flåm

HØGTIDELEG: Nyopninga av brua og skulen blei sjølvsagt markert med snorklipping.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Stor dag for rektor

For rektor Astrid Hassel har måndagen vore ein stor dag så langt. Det å kunne opne skulen igjen er rein glede, sjølv om minna etter flaumkvelden i oktober sit i.

– Vi opplevde flaumen som dramatisk, sjølv vi kanskje ikkje forstod kor alvorleg det var då vi måtte evakuere og få elevane heim. Alvoret gjekk opp for oss dagen etter at vi stod utan bru og vatn, og at det ville ta lang tid før vi kom tilbake til skulen, seier Hassel.

Mykje arbeid ligg bak

Sjølve skulebygget fekk ikkje skadar, men utan bru, drikkevatn og veg var det heilt umogleg å drive skulen.

Øydelagt av flaumen

STORE SKADAR: Brua over til skulen i Flåm blei øydelagt av storflaumen.

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– No er vi veldig klare, dette er ein stor dag som vi gjerne ikkje skulle kome så fort. Vi er takksame for alle gode krefter som har gjort denne dagen mogleg. Det er ganske mykje praktisk som måtte ordnast når vi var utan skule i så mange månader.