Hopp til innhold

Endeleg kunne Førde sleppe jubelen laus

OSLO (NRK): Førde kom tradisjonen tru seint i gang. Men då maskineriet først fekk fart, heldt det heile vegen til klubbens tredje cupmeisterskap.

Mathias Loftesnes

JUBEL: Mathias Loftesnes har spelt fleire cupfinalar med Førde, og endeleg kunne han heve pokalen som noregsmeister.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Førde VBK sikra seg nok eit NM-gull då laget vann 3-0 over NTNUI volley i Oslo laurdag ettermiddag. Det enda 3-0 etter settsifra 25-22, 25-21 og 30-28. Tredjesettet vart nesten ulideleg spennande, men Førde greidde til slutt å hindre at det vart eit fjerde sett.

– Største eg har opplevd

Mathias Loftesnes vart den flittigaste poengplukkaren for Førde med 17 poeng, og han var over seg av begeistring då dei endeleg greidde å ta tredjesettet. Ikkje minst fordi dette vart hans første cupmeisterskap - i sitt fjerde forsøk.

– Det er heilt fantastisk, det var som eg hadde håpa på, det er vanvittig deilig.

– Men de gjorde det vel spennande på slutten her?

– Ja, eg veit ikkje kva som gjer det. Vi slurvar og rotar litt og tek kanskje kampen litt for gitt, og då skal det ikkje meir til før dei kjem innatt i kampen. Dei hadde ei god serverekke, og då er vi plutseleg bakpå.

Mathias Loftesnes og Førde kan juble
Foto: Oddleif Løset / NRK

– Du har spelt nokre finalar før utan å kunne heve kongepokalen, kor mykje glede har du inni deg no?

– Det er vanvittig gledeleg, men først og fremst ein befrielse over å endeleg ha vunne cupfinalen. Eg føler at det er fullt fortent i dag, og eg er stolt av karane. Eg har aldri vore så nervøs før ein kamp nokon gong, for eg veit at dette er ein kamp som betyr veldig mykje for meg, så dette er det største eg har opplevd, seier Loftesnes.

Førde volleyballklubb vart noregsmeistrar 2016.

SJÅ VIDEO: Elleville jubelscener då Førde sikra Kongepokalen. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Slik var kamputviklinga:

  • Første sett: Førde VBK vann 25-22. Eit tett og jamnt sett, der NTNUI var i leiinga lenge, før Førde gjekk opp til 19-15. Men NTNUI utlikna til 19-19 og 22-22, før Førde rodde det i land.
  • Andre sett: Førde VBK vann 25-21 . Dei blåkledde var i føringa frå start til slutt og var føre m.a. med 16-7 og 23-16, før NTNUI knappa litt inn på slutten.
  • Tredje sett: Førde vann 30-28. NTNUI hadde ei leiing på tre poeng i starten, men Førde snudde det og var oppe i 15-11-leiing, før NTNUI utlikna på 21-21. Så fylgde laga kvarandre i ein intens avslutning, før Førde til slutt halte settet og dermed sigeren og NM-gullet i land.

Gull både som spelar og trenar

Trenar Jan Egil Tvinde har no eitt NM-gull som spelar og eitt som trenar. Og dette gullet smakte like godt som det han var med på å vinne som spelar.

– Det er heilt usannsynleg deilig. Det var sterkt å vinne 3-0 når vi hadde settball imot oss fleire gonger i sistesettet. Det var utruleg herleg å sleppe å spele eit sett til.

– Kva er det som skjer på slutten av sistesettet?

– Volleyball er ofte slik. At vi greier å dra det i hamn er sterkt. Dei trefte ganske mange gonger på serve, men vi hadde bra mottak. No har vi vunne, så no er vi kjempenøgde uansett.