Etter at vegen til Hyen rasa ut i slutten av september, såg det lenge mørkt ut for heile leveransen, men laurdag vart hønene frakta over Ommedalsvatnet på flåte, fortel Arve Aasen.
Etter planen skulle Aasen ha dei nye hønene sine for tre veker sidan. Vanlegvis pleier dei å få 16 veker gamle kyllingar. No er dei nesten 20 veker, og er godt i gang med å legge egg, og Aasen er svært spent på korleis flyttinga vil slå ut for eggproduksjonen.