Hopp til innhold

Endeleg kom godvêret bøndene venta på

Då sola titta fram var det berre å kaste seg rundt for bonde Geir Støfring, og få inn andreslåtten.

Etter ein våt sommar kunne endeleg bøndene slå graset

FOTO: Marte Iren Noreng Trøen

– Vi starta klokka åtte i dag tidleg. Vi kunne sikkert starta før, men det er så mykje vatn i graset på morgonen, seier bonde Geir Støfring i Jølster.

Den våte vestlandssommaren har kanskje gått særleg utover bøndene. Førre veke fortalde NRK om bonden Svein Erik Hafstad, som venta og håpte på opphaldsvêr for å kunne slå.

Andreslåtten står for tur for Støfring, og for han var på tide at det kom ein godvêrsdag.

– Vi har gått nokre dagar og venta no. Eg har det ganske lettvint, men det er mange som kjenner no at det er på tide å få nokre dagar med sol, litt vind og varme, seier han.

Geir Støfring i Slåtten

SLÅTT: Geir Støfring kasta seg rundt når sola stakk seg fram i fylket.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Mykje mindre fôr

På jordet til Støfring ser ein djupe og blaute traktorspor etter førsteslåtten. Store mengder nedbør i sommar har skapt utfordringar for bonden.

– Det er litt vått heile tida, så det blir veldig grisete. Vi lagar hjulspor og øydelegg eigentleg graset mange stader, så det er arbeidsamt, seier Støfring.

Han må vere forsiktig med kvar han køyrer slik at han ikkje øydelegg jordet for mykje. Vassmengdene har også gått utover kvaliteten på graset.

Bonde Geir Støfring i Jølster

FINVÊR: Endeleg kom litt finvêr, slik at Geir Støfring kunne ta fram reiskapen og få andreslåtten i hus.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Når det er så mykje regn og kaldt blir det lite næringsinnhald i foret. Det blir veldig bleikt og halvguffent, seier Støfring.

Han reknar med at han får inn berre ein tredel mot det han får i hus ein sommar med mykje sol og varme. Kanskje må han supplere med anna fôr til dyra sine på grunn av små mengder og dårleg kvalitet på fôret han får inn.

– Nokre stader er det bra, men andre stader ser ein sjukdomsteikna i jorda, og då må ein berre svinge utanom dei stadene, seier han.

– Må ta det vi får

Likevel er det ingen sure miner å sjå hos Geir Støfring. Han seier at bøndene må ta det dei får og gjere det beste ut av det. Etter å ha lasta opp ein hengar med fôr til siloen, ser det kanskje ikkje så gale ut.

– Det ser greitt ut. Eg greidde å ikkje få med så mykje jord og skit, så då er eg nøgd, seier han.

slåttekarer

SLÅTTEKARAR: Håvard Mangersnes (7), Isak Støfring (11) og Erlend Mangersnes (10) synest det er moro å vere med på slåtten. Dei har ansvar for å få fôret unna inne i siloen.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Minst 25 lass skal inn i siloen, og heile familien står på for å bli ferdige. Ungane kryssar av for å registrere kor mange lass ein får inn, og er med både i traktoren og i siloen. Dei har ikkje tenkt å gi seg før dei er heilt i hamn.

– No køyrer vi til vi er ferdige med siloen. Vi har eit vindauge no og må berre køyre på, seier Støfring.