Hopp til innhold

Endeleg kjem ferja dei har venta på

– Både vi som er fastbuande og hyttefolket gler seg veldig, seier Bente Stendal. Ho er ein av innbyggjarane på Hisarøy i Gulen som frå 1. september får ein heilt annan kvardag.

Dåp av ferja MF Hisarøy

FULL: Ferja var full i folk som ville få med seg den høgtidelege dåpen fredag ettermiddag.

Foto: Bente Stendal

Neste søndag får nemleg øybuarane ferje. Kabelferja «Hisarøy» vart døypt i dag, og neste helg blir den sett inn på sambandet Hisarøy-Mjåneset.

Ferja blir den aller første som har gått ut til øya, og det kjem til å merkast, fortel Stendal.

– Vi har snakka om denne ferja i 30 år, så den har hatt ein trong fødsel, seier ho til NRK.no.

Som natt og dag

Bente Stendal

GLAD: Bente Stendal er ein av øybuarane på Hisarøy som gler seg stort til ferja kjem på plass neste helg.

51-åringen jobbar på eit rekneskapskontor i Eivindvik, men vegen til jobb har til no ikkje vore den enklaste.

– Eg har vore så heldig at eg har fått byrje på jobb slik at eg kan reise med skuleruta. Det har vore fint. Men når ikkje skuleruta har gått, har eg måtte reise med eigen båt, seier ho.

Og båtturen frå garden deira på nordsida av øya i all slags vêr ser ho fram til å sleppe.

– Når det har vore mykje nordavind har det ikkje vore spesielt kjekt, vedgår ho.

Kan ta ein bil heile vegen

Dei aller fleste av dei 30 fastbuande på øya har gjort det på same måte, brukt eigen båt over til fastlandet. Med ein bil på fastlandet og ein på øya har kabalen gått opp.

Men no blir det snart mykje lettare. Når ferja blir sett inn frå neste søndag av blir kvardagen ein heilt anna.

– No kan vi reise på arbeid, vi kan handle, og vi kan setje oss i bilen og stogge rett utanfor døra og bere med oss varene inn, seier ho og legg ikkje skjul på at ho gler seg.

(Artikkelen held fram under Tv-saka)

Stor dag i Gulen i dag. Sidan slutten av 90-talet har dei kjempa for fastlandssamband. I dag kom endeleg dagen folket på Hisarøy har venta på.

STARTA ARBEIDET: For vel eit år sidan tok ordførar Hallvard Oppedal første gravemaskintak på bygginga av sambandet.

Den første av sitt slag

Ifølgje Firda.no blir «MF Hisarøy» den første batteridrivne ferja i Norge. Ferja er bygd på Solund Verft AS i samarbeid med Wergeland AS og Maritime Engineering AS Knarvik.

– Det er eit batteri om bord som driv ferja, rett og slett. Ferja skal spolast fram og tilbake etter to kablar, seier senioringeniør ved Solund Verft, Jan Petter Færøy til Firda.no.

Fredag var det ferjedåp, og Stendal og resten av øybuarane stilte mannsterke.

– Eg trur dei aller fleste var der, seier ho til NRK.no.

Kabelferja MF Hisarøy

ENDELEG: Ferja skal gå over Nyhamarsundet til Hisarøy, og skal gå etter to kablar på 750 meter, ein på kvar side av ferja. I ferja er det montert eit batteri og ein elektrisk motro som via kablane dreg ferja fram.

Foto: Sigvald Kidøy
Frå dåpen av ferja MF Hisarøy

DÅP: I dag var det duka for ferjedåp av MF Hisarøy.

Foto: Bente Stendal