Hopp til innhold

Takka vere denne skyssbåtkaia og ny båt kan familien flytte heim

Då «Dagmar» tok vegen inn til bygda var familien på sju etter kvart tvinga til å flytte. Etter tre veker kan dei endeleg flytte heim.

Skyssbåtkai på plass i Otterdal

KAI: Ei skyssbåtkai er no sett opp i Otterdal. Takka vere den og ein eigen skyssbåt kan familien til Reidun Otterdal no flytte heim. (Båten på biletet er ikkje den same som skal gå som skyssbåt).

Foto: Eilif Harbitz-Rasmussen

Det frådande Hornindalsvatnet gjorde kort prosess med vegen inn til den vesle bygda Otterdal i Hornindal under romjulsorkanen. Nær to kilometer av vegen vart vaska vekk, og båt over Hornindalsvatnet vart einaste måten og komme seg til og frå.

Men den opne RIB-båten var ikkje trygg nok til at Fylkeskommunen ville akseptere den som skuleskyss, og Reidun Otterdal måtte saman med mannen Thore Heggen og dei fem ungane flytte inn til sentrum av Hornindal.

Til helga kan dei endeleg flytte tilbake.

– Dette er vi veldig glade for, seier Otterdal til NRK.no onsdag.

Sette foten ned for open båt

For tysdag vart det klart at Fylkeskommunen har fått på plass ein skyssbåt som skal gå i rute over vatnet. Etter uvêret fekk bygdefolket på plass ein open RIB-båt som kunne frakte dei over vatnet, men denne var ikkje trygg nok, meinte Fylkeskommunen som sette foten ned.

Det sette krav om ein overbygd båt og ei skikkeleg kai i Otterdal, og det er dette som no er på plass.

Båten «Jan Cato» som skal vere på plass frå måndag 6. februar, og ifølgje fylkeskommunen sine heimesider skal den køyre elleve turar i veka.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Otterdal treng veg

TRENG VEG: Fylkeskommunen sette foten ned for skuleskyss i open båt over Hornindalsvatnet.

– Det har vore heilt uverkeleg

Reidun Otterdal seier den siste månaden har vore heilt utanom det vanlege, men at dei har gjort det beste ut av situasjonen.

– Det har vore heilt uverkeleg. Vi har heile tida kome opp i nye problemstillingar, og det å vere avhengig av båt har gjort til at vi må tenkje over ting fleire gonger for å få alt til å klaffe, seier ho.

Det er førebels ikkje bestemt kva som skal skje i forhold til vegen og tidlegare har det blitt sagt at det kan gå svært lang tid før ein ny veg er på plass. Dei tre bilane som vart ståande att i bygda vart i helga berga ut med ein flåte.

Eilif Harbitz-Rasmussen som har bygd båtkaia som no skal nyttast til skyssbåten kunne som ein liten bonus tilby seg å frakte bilane over det brådjupe Hornindalsvatnet.