Hopp til innhold

Helse Førde får kjøpe utstyr

Helse Førde får endeleg 60 millionar kroner til å kome ut av den prekære utstyrsknipa.

Jon Bolstad

Jon Bolstad kan gle seg over meir pengar til utstyr.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Den alvorlege utstyrsmangelen i Helse Førde bilr no betra. Helse Førde bad om 113 millionar kroner og får no 60 av desse frå Helse Vest skriv Firda.

Påplussinga vert føreslått av administrerande direktør Herlof Nilssen i Helse Vest i samband med handsaminga av langtidsbudsjettet som skal opp i styret 1. september. Dette kjem i tillegg til dei 20 millionar kronene Helse Førde får til investeringar i år.

Utstyrspark som havarerar

I fjor vart det avdekka at Helse Førde er det helseføretaket i landet som har dårlegast standard på utstyret sitt. Tilsetterepresentantar har kopla inn riksrevisjonen og raseriet har vore stort over at Helse Vest tidlegare har avslått å gi ekstraløyvingar til Helse Førde. Fylkeslege Petter Øgar har også konkludert med at situasjonen er uforsvarleg.

- Ei stor og flott nyhende

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, seier til Firda at dett er ei svært gledeleg og viktig sak.

- Eg tykkjer det er flott at Helse Vest administrasjonen i si tilråding set av 60 millionar kroner. Dette vil kunne avklare ei rekkje ting, slik at vi kan kome i gang med å planlegge fornyingar og moderniseringar. Den tildelinga det her bilr lagt opp til er tilstrekkeleg til å kome i gang.

Det er førebels uvisst kva pengane konkret skal gå til, Helse Førde treng nær 67 millionar kroner til medisinsk teknisk utstyr ved sjukehusa og heile 88 millionar kroner til tilpassing av sengepostar og modernisering av operasjonsareal.