Hopp til innhold

Endeleg har dei flotte løyper igjen

Etter to dårlege vintrar er det no nok snø til at det er flotte forhold i fjell-løypa om Veten-Hogden i Stryn.

Løype om Hogden - Veten

FLOTTE FORHOLD: Snart er mellom fem og seks mil med skiløyper klare.

Foto: Torbjørn Hatledal

– I dag er det flotte forhold. akkurat no står eg på toppen av panoramaløypa. Her kan eg sjå ned Hornindal, sør om Våtedalen, langt ut mot kysten og i aust ser eg breen sjølv det er litt skya der, seier løypeansvarleg Arvid Hatledal.

Når NRK snakkar med han sundag føremiddag er han i gang med å køyre opp løyper. Når alle fjelløypene etter kvar blir opna kan dei tilby mellom fem og seks mil med skiløypar. Då er det løyper både i fjellet og låglandet. Slik løypa ligg no har dei målt avstandane slik

  • Frå løypekryss Tverrfjellet til Hogden 4 km, frå Hogden til Veten 2,8 km, frå Veten til Svingesetøyane 4,4 km, frå Svingesetøyane til Ullsheim 2,3 km Dette er ein fin tur med utsikt til alle kantar.

Tidleg ute

– Allereie tidleg i dag møtte eg dei første med ski og pulk, sjølv om vinter det største innrykket frå 12 og utover.

Løype om Hogden og Veten

FLOTTE LØYPER: Skodde i låglandet, fint i fjellet

Foto: Torbjørn Hatledal

Laurdag reknar han med at det måtte vere fleire hundre som ville nye finvêret ute i skiløypene, han trur ikkje det blir mindre i dag.

– Det er ingen grunn til å sitte heime å lure. Det fine forhold, akkurat no er det -6 grader, det er lit skyer i aust, men eg reknar med at det blir fint.

To magre

Arvid Hatledal

TIDLEG PÅ AN: Løypeansvarleg Arvid Hatlestad

Foto: Privat / NRK

Dei to føregåande åra har vore prega av snømangel for Turløyper Stryn. Difor er det ekstra kjekt å ha nok snø i år.

– Det er som natt og dag. No kan vi legge løypene der dei skal vere. I fjor og året før var det svært mykje jobb med å få til dei løypene vi hadde.

For at alle skal kunne hygge seg i løypene har skisenteret ei lita oppfordring:

– Ta omsyn til kvarandre, ta med søppel og fjern hundelort frå traseane.