Hopp til innhold

156 nye nordmenn vert feira

Det var høgtid over statsborgarseremonien i Førdehuset i dag. For palestinske Mohamad El Hayek var det ei ekstra spesiell oppleving.

Created by InfoDispatcher

SJÅ VIDEO: Seremonien vart avslutta med at alle reiste seg og sang to vers av nasjonalsongen. (FOTO/REDIGERING: GUNNHILD ÅRDA/NRK)

– Eg har aldri hatt ein original nasjonalitet. Eg har hatt palestinsk reisedokument, men no har eg eitt pass som seier eg er nordmann. Det betyr veldig mykje, seier palestinaren frå Libanon.

Mohamad El Hayek

NORSK: Mohamad El Hayek tykte det var ei flott markering av statsborgarskapen. – Du har det sosialt og du føler at nokon passar på at du er i systemet, seier han.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

El Hayek er ein av 156 nye statsborgarar i Sogn og Fjordane i år. Dette vart markert med ein seremoni i Førdehuset, leia av Fylkesmannen. Song, taler og eit symbolsk truskapsløfte stod på programmet.

Vil inn i systemet

Det har gått nær åtte år sidan Mohamad kom til Noreg og reiste rett til Florø. I dag jobbar han hos Ewos.

Etter markeringa i dag er han norsk statsborgar. Mohamad El Hayek frå Florø ser det som eit nytt steg i integreringa.

Som norsk statsborgar lovar eg truskap
til mitt land Noreg og det norske samfunnet,
og eg støttar demokratiet og menneskerettane
og vil respektere landets lover.

Fylkesmannen

– Valet i haust blir starten min. Eg ynskjer å komme inn i systemet og føle meg som ein som kan velje og gjere landet betre. Vi bur her, og eg vil gjere det eg kan for eit betre land og betre liv, seier han.

– Vi treng dykk

Dei 156 nye statsborgarane kjem frå 37 land. Dei har busett seg i 19 kommunar kring om i fjordfylket. Ordførarane deltok også under seremonien, og åt lunch med sine nye nordmenn etterpå.

Ordførar Jarle Aarvoll (Ap) frå Sogndal har delteke mange gonger før, og synest det er ei viktig markering.

– Eg synest det er ei ærefull og staseleg markering. Eg er veldig einig i det fylkesmannen sa. Vi treng dei, og det er viktig å ta imot dei på ein bra måte.

Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll med nye statsborgarar i Sogndal.

INNBYGGJARAR: Sogndal-ordførar Jarle Aarvoll (Ap) saman med fleire av dei nye statsborgarane i Sogndal.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Det var fylkesmann Anne Karin Hamre som på vegner av staten ynskte statsborgarane velkomne.

– Vi er glade for at de har valde å leve, arbeide og la borna vekse opp i Noreg og for å medverke til å utvikle samfunnet vårt. Vi treng dykk. Vi treng tankane dykkar, ideane, arbeidskrafta og samværet. Vi treng at de opnar auga våre for det fleirkulturelle og mangfaldige samfunnet som vi alle er ein del av, sa ho i talen sin.