– Vi er strålande nøgde, seier Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen. Og det med god grunn.
Fekk igjen for terpinga dei gjorde i fjor
For Florø-spelarane verka ekstremt sugne på sin første siger på eige gras då dei tok imot Sandnes Ulf på Florø stadion søndag kveld. Med sjølvtilliten i orden etter 2-1-sigeren over storebror Sogndal i cupen for nokre dagar sidan, tok det ikkje lang tid før heimelaget var i føringa.
Runar Hove fekk dei over 1200 publikummarane til å reise seg i ekstase etter knappe 17 minutt spelt, og putta like godt eitt mål til berre minutt seinare. Begge skåringane var på corner.
– Vi veit vi er gode på dette. Vi jobba mykje med det i fjor, og så er det litt paradoksalt at det blir slik når vi ikkje har teke tak i dette dei siste vekene, seier Rognsø og forklarar det med at sentrale spelarar ikkje har fått vere med på treningane.
- Les også.
- Les også:
– Kunne skåra fleire mål
Etter opprykket til 1. divisjon har det vore mykje stong ut for laget frå kystbyen, som berre har ein siger å vise til. Med fire kampar på rad utan poeng smakte det nok ekstra godt med tre poeng på heimebane.
Gjestene frå Sandnes Ulf verka litt piggare etter pause, men klarte ikkje redusere. I staden var det kaptein Vegard Gjermundstad som etter 55 minutt spelt fekk perfekt treff på ein corner. Sandnes Ulf heldt fram med å presse på og Kent Håvard Eriksen reduserte til 3–1 etter 73 minutt.
– I dag kunne vi ha skåra fleire mål, så dette er kjekt å sjå på, seier Rognsø.
Samtidig må han vedgå at skadelista byrjar å bli veldig lang.
– Vi håpar vi ikkje får fleire skader no. I dag har vi ein benk der nesten ingen er friske heller, så det er heilt på kanten no. Men no skal vi pleie oss litt før kampen mot Tromsø neste veke.