NRK Meny
Normal

Ellevill stemning etter tre skåringar på corner

FLORØ – SANDNES ULF: 3-1: Det var midtstopparane sin dag på Florø stadion i kveld. Runar Hove noterte seg med to mål før pause, medan kaptein Vegard Gjermundstad la på til 3–0 ti minutt ut i andre omgang.

Gå til forsiden

Florø sin første heimesiger

Runar Hove omkransa av Florø-spelarar etter skåring mot Sandnes Ulf

Florø sin første heimesiger

5 bilder

MÅLTJUV: Runar Hove (i midten) vart omgitt av lagkameratane etter skåring mot Sandnes Ulf.

    – Vi er strålande nøgde, seier Florø-trenar Terje Rognsø etter kampen. Og det med god grunn.

    Laster innhold, vennligst vent..

    Fekk igjen for terpinga dei gjorde i fjor

    For Florø-spelarane verka ekstremt sugne på sin første siger på eige gras då dei tok imot Sandnes Ulf på Florø stadion søndag kveld. Med sjølvtilliten i orden etter 2-1-sigeren over storebror Sogndal i cupen for nokre dagar sidan, tok det ikkje lang tid før heimelaget var i føringa.

    Runar Hove fekk dei over 1200 publikummarane til å reise seg i ekstase etter knappe 17 minutt spelt, og putta like godt eitt mål til berre minutt seinare. Begge skåringane var på corner.

    – Vi veit vi er gode på dette. Vi jobba mykje med det i fjor, og så er det litt paradoksalt at det blir slik når vi ikkje har teke tak i dette dei siste vekene, seier Rognsø og forklarar det med at sentrale spelarar ikkje har fått vere med på treningane.

    Terje Rognsø er nøgd etter Florø sin første heimesiger etter opprykket i 1. divisjon.

    FOTO: Truls Kleiven.

    – Kunne skåra fleire mål

    Etter opprykket til 1. divisjon har det vore mykje stong ut for laget frå kystbyen, som berre har ein siger å vise til. Med fire kampar på rad utan poeng smakte det nok ekstra godt med tre poeng på heimebane.

    Gjestene frå Sandnes Ulf verka litt piggare etter pause, men klarte ikkje redusere. I staden var det kaptein Vegard Gjermundstad som etter 55 minutt spelt fekk perfekt treff på ein corner. Sandnes Ulf heldt fram med å presse på og Kent Håvard Eriksen reduserte til 3–1 etter 73 minutt.

    – I dag kunne vi ha skåra fleire mål, så dette er kjekt å sjå på, seier Rognsø.

    Samtidig må han vedgå at skadelista byrjar å bli veldig lang.

    – Vi håpar vi ikkje får fleire skader no. I dag har vi ein benk der nesten ingen er friske heller, så det er heilt på kanten no. Men no skal vi pleie oss litt før kampen mot Tromsø neste veke.

    Laster innhold, vennligst vent..
    Runar Hove med skåring mot Sandes Ulf, Terje Rognsø (nærast kamera) i ellevill jubel

    DETTE HAR HAN VENTA PÅ: Florø-trenar Terje Rognsø (nærast i svart jakke) er utan tvil ein glad mann i dag etter laget sin første heimesiger i 1. divisjon.

    Foto: Truls Kleiven
    Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
    Teaterfestivalen i Fjaler  
    Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå