Hopp til innhold

Endeleg fekk dei sin eigen boltreplass

Etter to års kamp fekk endeleg rullebrettkøyrarane i Sogndal sin eigen boltreplass i helga. Og den var populær.

Dugnadsånd, mykje tolmod og 60.000 kroner har gjort at rullebrettkøyrarane i Sogndal no har fått ein eigen boltreplass på Kvåle.

SJÅ VIDEO: Ungdomane i Sogndal er veldig nøgde med sin nye skatepark. Torjus Jetmunsen og Sølve Øvstetun har venta lenge på at den skal komme på plass. (Foto: Halvor Farsund Storvik/Redigering: Oddleif Løset)

Det er ivrige foreldre som gjennom dugnadsvilje, mykje tolmod og 60.000 kroner fekk etablert skateparken.

Parken som gjer at Sølve Øvstetun og resten av rullebrettkøyrarane i bygda no kan prøve ut heilt nye triks.

– Det er heilt fantastisk. Før dreiv vi på med streetskate over alt i Fjøra. Det er kjekt det også, men det er greitt å ha ein park du kan skate litt i. Her er mykje meir moglegheiter, jublar han.

Lang fredagskveld

Weronica Øvstetun

ELDSJEL: Weronica Øvstetun har stått i spissen for dei frivillige kreftene som har jobba fram skateparken.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK
Dugnad i skateparken

DUGNAD: Mange foreldre har stilt opp for å byggje skateparken i Sogndal.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Blant dei fem foreldrepara med ivrige rullebrettgutar, er Weronica Øvstetun. Ho har stått i spissen for dei frivillige kreftene som har jobba fram skateparken som ligg på Kvåle.

Fredag kveld heldt dei på til halv elleve om kvelden for at ungdomane laurdag kunne utføre triks som «ice flip», «nollie», «kickflip» og «disco flip» i si eiga leikegrind.

– Vi fekk med oss ein to-tre skatarar frå Høgskulen som var veldig hjelpsame. Vi var ein god dugnadsgjeng, smiler ho.

Intens dugnadstime

Sjølve anlegget vart sett opp på nokre intense dugnadstimar. Den eigentlege jobben var å skaffe nok pengar til parken.

– Det har kosta 60.000 kroner, og det er ikkje noko du har i eiga lomme å bruke av, seier Øvstetun.

Medan dei ferske utøvarane strevar med balansen i det nye anlegget, følgjer høgskulestudent Philip Storberget med frå sidelinja. Han trur skateparken vil bety mykje for utøvarane og for utviklinga av sporten i bygda.

– Det kanskje viktigaste er at folk har ein stad å møtast, men så vekkjer det kanskje større interesse hos andre som ser folk skate her, seier han.

Eit godt tips

Aha-opplevingane stod i kø den første helga. Torjus Jetmunsen er ein av fleire som gler seg over at dei endeleg har fått ein plass å utforske nye moglegheiter på brettet.

– Det er mykje kjekkare å stå i ein ramp enn å hoppe på benkar og køyre nede i sentrum. Det er vesentleg meir utfordrande her.

Student Sivert Faye har skata i ti år og han har følgjande råd til dei som no er heilt ferske i gamet:

– Øve, øve og øve.

Peder Andreas Torgersen

TIL STOR GLEDE: Peder Andreas Torgersen viser triks i den nye skateparken.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK