Hopp til innhold

Endeleg får portørar ta fagbrev

FØRDE (NRK): Etter ein mangeårig kamp vart det i fjor mogleg for portørar å ta fagbrev. Måndag starta eit av dei første kulla opp undervisning ved Førde sentralsjukehus.

Portør trillar seng på sjukehus. Intervjubilete.

Portørane ved helseinstitusjonane får stadig større ansvar og meir spesialiserte oppgåver. Måndag starta det første kullet hjå Helse Førde løpet mot fagbrev som portør. Ein av dei er Svein Egil Svorstøl. For han betyr fagbrevet mykje.

– Det å få eit fagbrev og det å ha eit papir å vise fram som seier at vi er faglærte, og at vi er på same nivå som dei andre faglærte her på huset, betyr veldig mykje for oss.

Som portør går arbeidsdagen ut på å flytte alt frå pasientar til medisinar og anna rundt på sjukehuset. Svorstøl seier at portørane møter pasientar i alle ulike situasjonar.

– Frå dei som skal føde, til dei som nærare seg livets slutt. Det er mange inntrykk ein skal handtere i løpet av ein dag. Ein må lære seg korleis ein skal snakke med pasientane, og handtere dei for at dei skal få eit positivt inntrykk av sjukehuset.

Godt samarbeid

Det lang veg for å få til ei portørutdanning i Førde. Tillitsvald for portørane ved sentralsjukehuset i Førde, Kristian Solheim, seier det har vore ei kamp for å kome i gang.

– Det har absolutt vore ein kamp. Vi har jobba med det no i eit og eit halvt år, og etter godt samarbeid med fagrørsla i fylket, Lena Haveland som er sjefen vår og AOF Hordaland så har vi klart å ro dette i land. Det er eg veldig stolt av.

Tidleg ute

Dei siste åra har stadig fleire spesialiserte oppgåver blitt lagt til portørfaget. Avdelingssjef for portørane ved Førde sentralsjukehus, Lena Haveland, meiner fagprøve er ei anerkjenning av yrkesgruppa.

– Eg trur utdanninga vil gjere portørane endå betre, og difor pasientopplevinga tryggare og sikrare. Utdanninga har vore etterspurd, men det var først i fjor at det i heile teke vart mogleg å ta fagbrev. Så dette kullet er eit av dei første i landet.

Teori

Det er Lærings- og meistringssenteret som har fagbrevkurset med portørane.

Faglærar Martin Roland Hansen fortel at målet med kurset er å knytte teori til den spanande, krevjande og varierte kvardagen til portørane særleg i kontakten med pasientane og samarbeidet ein har med andre yrkesgrupper.

– Eg er veldig trygg på at pasientane vil møte fagfolk som allereie er dyktige, men som no i større grad vil klare å setje ord på kva dei gjer. I tillegg er det ein del grunnleggande ting som er med i kurset. Slik som oppbygginga av helsevesenet, handtering av vanskelege situasjonar og grunnleggande sjukdomslære.