Hopp til innhold

Endeleg får Ørjan Hopen møte Brann heime på Fosshaugane

Den einaste heimeavla Sogndal-spelaren, Ørjan Hopen, gler seg stygt til kampen mot Brann søndag. Han tippar på 2–1 og fornya kontrakt i eliteserien.

Ørjan Hopen

JUBELSCENER: Ørjan Hopen tippar Sogndal vinn 2-1 heime på søndag. Han håper å kunne juble slik som på dette biletet, her saman med Cato Hansen.

Foto: Aas, Erlend / Scanpix

Etter det som Sogndal sjølv skildra som eit utruleg surt og bittert tap mot Rosenborg torsdag, er det ein gjeng med tente spelarar som tek i mot Brann heime på Fosshaugane søndag.

Ørjan Hopen er den einaste sogndølen på dagens lag og har vakse opp i nærleiken av heimebana. Han er heiltent framfor det som blir eit ekte vestlandsderby.

– Dette skal bli ein artig oppleving. Det blir tøft å møte Brann, men vi går for tre poeng, seier Ørjan Hopen til NRK.no.

Følgjer i pappas fotspor

Frå Ørjan var heilt liten har det alltid vore litt ekstra spesielt når Sogndal skal møte Brann. Både far hans Arild Hopen, og onkelen, Steinar Hopen har spelt for Sogndal tidlegare.

No er det endeleg han som får måle krefter med det beste fotballaget i nabofylket. Han har spelt mot Brann i Bergen, men dette blir det første møtet på heimebane.

– Dette er vel det næraste vi kjem eit fotballderby på Vestlandet. Så det ligg heilt klart litt ekstra prestisje i å sikre seg desse tre poenga, seier Hopen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ørjan Hopen og Harald Aabrekk

KLEM: Ørjan Hopen fekk ein god klem frå trenar Harald Aabrekk etter å ha skåra to mål mot Start. Kanskje blir det liknande jubelscener etter derbyet søndag.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Duka for eit tøft oppgjer

Dei to laga har i seinare tid gjort ein bytehandel, og når dei møtest denne gong er det med tidlegare Brann-keeper Kenneth Udjus i Sogndal-målet, og tidlegare Sogndal-keeper Piotr Leciejewski i Brann-målet.

Brann er truleg høgt oppe etter at dei onsdag slo Fredrikstad 2–0 og dermed er klare for å møte Ålesund i cupfinalen. Sjølve etter det sure tapet mot Rosenborg føler ikkje Hopen at Sogndal har kniven på strupen før kampen søndag.

– Nei, kniven på strupen. Vi går for tre poeng, seier Hopen.

Etter å ha fått sitt tredje gule kort mot Rosenborg må kaptein Eirik Bakke stå over kampen mot gamlelaget sitt. Hopen trur elles dei fleste er klare.

Tippar 2–1 siger til Sogndal

Arrangementsansvarleg i Sogndal Fotball, Geir Inge Heggestad skildrar vestlandsderbyet som ein risikokamp. Det er venta fulle tribunar og allereie onsdag var det selt over 5300 billettar. Fulle tribunar gjer at Hopen gler seg.

– Det blir ei spesiell kjensle å gå ut på grasmatta og møte Brann. Med masse folk på tribunane får vi ein ekstra giv og det er ein god støtte for oss, seier Hopen.

– Og tipset for utfallet?

– Eg tippar vi vinn 2-1, seier Hopen.

Dersom Sogndal vinn kampen og sikrar seg tre nye poeng er det mykje som tilseier at laget har klatra seg ut av botnstriden og er eit langt skritt nærare fornya kontrakt i eliteserien.