Hopp til innhold

Endeleg får du og vere med batteriferja

OPPEDAL (NRK): Kring 130 kWh brukar verdas første batteriferje «Ampere» på ein tur over Sognefjorden mellom Lavik og Oppedal. Ver og vind spelar sjølvsagt inn på straumforbruket, men ifølgje kapteinen gir ein tur i gunstig vèr ein prislapp på kring 150 kroner for ei kryssing.

Omvising på batteriferga Ampere

VISER DEG RUNDT: Charlotte Låstad tar deg med på ein rundtur i den nye ferja. (Foto: Steinar Lote, redigering: Elias Engevik)

Etter ein månad med testing og tilpassing på strekninga blir batteriferja «Ampere» endeleg sette i drift komande helg.

– Det er eigentleg ikkje noko nytt her på brua. Ferja blir kontrollert på same måte som andre ferjer. Skilnaden er at den blir driven av batteri, forklarer kaptein, Fred Hosøy, i reiarlaget Norled. Dei trafikkerer sambandet over Sognefjorden med tre ferjer, to dieseldrivne og «Ampere».

– Bra oppleving

Dei siste vekene har ferja vore gjennom testing med både bilar og passasjerar om bord, og overstyrmann, Charlotte Låstad fortel at den har fungert veldig bra.

– Det har vore ei bra oppleving. Passasjerane ser ut til å vere veldig nøgde. Vi ser at dette med manøvrering og lading fungerer bra, men vi har framleis nokre utfordringar med ladestasjonen i Lavik.

Den utsleppsfrie ferja skulle vore på plass før årsskiftet, men reiarlaget Norled trengde meir tid. Når batteriferja no vert sett inn i ordinær drift vil den gå i redusert rute fram til alt fungerer hundre prosent.

– Det som står att er å få ladestasjonen og ferja til å «snakke saman», så det er her utfordringane ligg før alt er klart, seier kaptein Hosøy.

«Ampere» skal gå i kontinuerleg rutefart over fjorden kvar dag. Batteri vert lada kvar gong ferja legg til kai, då den vert kopla til ein slags hurtigladestasjon.

Heilt stillegåande

Mannskap på Ampere

NY ARBEIDSPLASS: Fred Hosøy og Charlotte Låstad er på plass i den nye batteriferja.

Foto: Rune Fossum / NRK

På ferjer med dieselmotor er det mykje motorstøy, men når kapteinen set i gang dei elektriske motorane på «Ampere»høyrer ein knapt motorduren.

– Ja, det er faktisk heilt stille, også når vi kryssar fjorden. Det er veldig roleg, ein må oppleve det sjølv, for det er heilt utruleg, smiler Låstad.

Dette er nemleg ein av dei største skilnadene du som passasjer vil oppleve. Den einaste lyden du vil høyre er dei to katamaranskroga skjere stille gjennom vassflata på fjorden.

– Eg har vore på mange ulike ferjer, både eldre og nye. Der blir det mykje bråk, støy og risting, men her er det heilt stille. Det blir ein fin kvardag, smiler Hosøy.

Det blir sveler på ferja

Tidlegare har det vore uttrykt uro for at det ikkje blir kioskdrift og sveler på den nye batteriferja, men det kan kiosktilsett Bente Helen Osland avkrefte.

– Her blir det sveler med kaffi til, det blir alltid nysteikte sveler med brunost eller smørkrem kvar morgon, seier Osland.

I fjor sommar var det snakk om at det ikkje ville bli kioskdrift på den nye ferja, men det må vere kiosk, meiner kapteinen.

Tek i bruk verdas første batteriferje

VIDEO: No tek Norled i bruk verdas første batteriferje.