NRK Meny
Normal

Endeleg fann dei Lotto-millionær som var uvitande om sin nye status

– Dette kom litt brått på, var reaksjonen til Bremanger-mannen Norsk Tipping har leita etter i eitt døgn.

Ingeborg Myhre Ludlow

ENDELEG KONTAKT: Programleiar Ingeborg Myhre Ludlow leia Lotto-sendinga laurdag.

Foto: Sverre Houmb / Norsk Tipping

– For ei gledeleg overrasking, seier bremangermannen til Norsk Tipping som har vore på leiting etter mannen i nær eitt døgn.

Laurdag vann ein mann og ei kvinne frå Sogn og Fjordane 2,7 millionar kvar i Lotto. Eid-kvinna vart så paff at ho måtte setje seg ned.

Leverer alltid same kupong

Men bremanger-mannen har Norsk Tipping jobba hardt for å få tak i. For det var ikkje småpengar mannen fekk på konto – det var den nette sum av 2.798.840 kroner.

– Dette er jo heilt fantastisk. Endeleg var det min tur, seier han til Norsk Tipping når han høyrer summen.

Han spelar fast og leverer same kupong kvar einast gong.

– Eg har ikkje hatt telefonen med meg, så eg har ikkje sett at eg hadde ubesvarte anrop, seier mannen.

Kva skal han bruke pengane på?

Spørsmålet Lotto-millionærar alltid får om kva dei skal bruke pengane til får også denne karen. Noko skal gå til reise og noko til gjeld.

– Ein har alltid draumar, men eg må nok tenke nøye gjennom kva premien skal brukast til, seier han.

Vinnarrekkja i veke 24 var tala: 3, 9, 12, 13, 21, 22 og 26.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå