NRK Meny
Normal

Endeleg dom i Fjord1-saka er utsett

Torghatten foreslår tiltak for å redusere konsekvensane av Fjord1-oppkjøpet. Dermed har Konkurransetilsynet utsett fristen for saksbehandlinga.

Konkurransetilsynet Fjord1

NY INFORMASJON: Konkurransetilsynet, og administrerande direktør Gjermund Nese (biletet), må no vurdere tiltaka som Torghatten har føreslege i samband med oppkjøpet av Fjord1.

Foto: Rune Fossum/Marit Hommedal

Statens vegvesen, som er den største innkjøparen på ferjemarknaden, er blant dei som har uttrykt uro over Torghatten sitt oppkjøp av Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i Fjord1.

Færre aktørar på marknaden vil bety høgare prisar og dårlegare tilbod, meiner vegdirektør Terje Moe Gustavsen.

No har Torghatten kome med framlegg til korleis dei kan sørge for at oppkjøpet ikkje øydelegg for konkurransen i ferjemarknaden.

– Dette er ein moglegheit dei har i tråd med konkurranselova, seier administrerande direktør i Konkurransetilsynet, Gjermund Nese.

Endrar ikkje sjølve kjøpet

Tiltaka som er føreslegne vil ikkje endre sjølve kjøpet, men handlar om såkalla åtferdsmessige tiltak.

– Det betyr at ein tilbyr seg å opptre på ein spesiell måte i marknaden, som skal avgrense dei konkurranseskadelege verknadane, seier Nese, som elles ikkje vil gå i detalj om tiltaka.

Heller ikkje administrerande direktør i Torghatten, Brynjar Forbergskog, ønskjer å kommentere dette så lenge saka ligg hos Konkurransetilsynet.

Om eit oppkjøp fører til stor avgrensing i konkurransen, så har Konkurransetilsynet høve til å stoppe oppkjøpet. Difor har Fjord1-oppkjøpet hamna på deira bord.

Tilsynet skulle ha kome med si vurdering i desse dagar, men på grunn av framlegget frå Torghatten er fristen utsett til 26. mai.

– Innan då må tilsynet ta stilling til om saka skal avsluttast og seie at oppkjøpet kan gjennomførast. Men om vi er uroa for dei konkurransemessige verknadane så må vi sende eit varsel til selskapa om at vi vurderer å gripe inn mot oppkjøpet.

Ikkje uvanleg

Om det blir sendt ut varsel vil selskapa ha 15 dagar på å svare på dette. Deretter har Konkurransetilsynet 15 nye dagar på seg før eit endeleg vedtak skal treffast.

Ifølgje Nese i Konkurransetilsynet er det ikkje uvanleg at selskap kjem med forslag om såkalla «avhjelpande tiltak». Han vil ikkje spekulere i om det kan ha noko med at Statens vegvesen og Vegdirektoratet har rådd Konkurransetilsynet å stoppe oppkjøpet.

– Men vi har ein løpande dialog med selskapa gjennom saksbehandlinga, og det er vel på bakgrunn av det at dei har vald å komme med dette innspelet.