Hopp til innhold

Endå nærare realisering av nytt rulleskianlegg

Allereie til våren kan spaden bli sett i jorda for å byggje det tredje rulleskianlegget i fylket. Det trur styret ved Langeland skisenter som i dag fekk nok ei gladmelding.

Trakkemaskin i løypene ved Langeland skisenter i Gaular

SNART RULLESKI: Om ting held fram med å gå Langeland skisenter sin veg kan du gå på rulleski her i 2017.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi har i dag fått beskjed om at Sparebankstiftinga gir oss ei gåve på 300.000 kroner. Det betyr for vår del at vi er endå eit steg nærare å realisere rulleskianlegget vårt, seier styremedlem Børge Klakegg og legg til:

– Vi er svært glade og nøgde no.

Dei har lenge drøymt om å få på plass eit rulleskianlegg, men det tek tid å få 8,1 millionar kroner på plass. I det siste har stadig meir kome på plass.

– I slutten av sist veke vedtok Førde kommune å stille med sitt bidrag på 405.000 kroner, og det har også Gaular kommune sagt ja til, seier Klakegg.

– Vi føler no at vi har kome i ein god posisjon, der vi får tak i dei midlane vi treng, seier han vidare.

– Viktig med eit trafikksikkert tilbod

I fleire år har skikrinsen i Sogn og Fjordane ønskt seg fleire rulleskibaner. Slik kan dei tilby trygge treningsforhold for sine medlemmer.

Per i dag finst det rulleskianlegg i Vik og i Stryn. Styremedlem Børge Klakegg ved Langeland skisenter seier det vil bety mykje å få eit rulleskianlegg også i Sunnfjord.

– Det viktige er å kunne gje eit tilbod til rulleskibrukarane om ei trygg og trafikksikkert løype som er eigna for dette, seier han.

Han seier også Førde sykkelklubb har vist interesse for å bruke løypa som nybegynneranlegg for racersyklistar.

Håpar å setje spaden i jorda neste år

No held arbeidet med å få siste rest av finansieringa i boks.

I slutten av august vart skisenteret tildelt 2,2 millionar kroner i programsatsingsmidlar frå Kulturdepartmentet . Idrettslaga i Førde og Gaular stiller med 500.000 kroner til saman, medan skisenteret sjølve spyttar inn 500.000 kroner i eigenkapital.

Det ligg også inne ein søknad til fylkestinget om 600.000 kroner i støtte, og 1,8 millionar kroner i spelemidlar. Det kan også bli aktuelt å lånefinansiere siste del, og få dette tilbake gjennom momskompensasjon, seier Klakegg.

– Kor mykje av finansieringa må på plass før de set spaden i jorda?

– Vi har eigentleg sagt at vi vil ha det fullfinansiert før vi torer setje spaden i jorda. No ser det ut til at vi på nyåret har kome i mål, og at vi då kan gå i gang, seier han.

Planen er at rulleskianlegget på Langeland skisenter skal stå klart i 2017.