Dersom utviklinga held fram, trur dagleg leiar i Flåm Utvikling, Olav Lühr, at bana kan transportere nærare 450.000 turistar denne sesongen.
Har auka kvart år
Cruise-turistane reiser meir enn gjerne med Flåmsbana. (Foto: NRK)
For aldri før har det reist så mange turistar med Flåmsbana. Til no i år har 283.000 turistar teke den eksotiske togturen på 20,26 kilometer frå Flåm til Myrdal.
Og talet på reisande har auka kvar einaste sesong dei siste åra. Lühr tykkjer utviklinga er fantastisk, men vedgår at det no på enkelte avgangar er så fullt at passasjerane må ta neste tog.