Hopp til innhold

Endå ein poengdeling for Florø

Etter ein mållaus kamp mellom Florø og Levanger er det misnøye i begge leirar. Levanger meiner dei burde vunne, medan Florø ser seg snytt for straffe.

Florø-Levanger

MÅLLAUST: I store delar av kampen måtte Florø forsvare seg. Det gjorde dei godt, Levanger fekk ikkje ballen inn.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dette er ikkje bra. Vi manglar den siste ti prosenten mot eit lag vi burde vinne mot, seier Levanger-trenar Magnus Powell.

Levanger var klart best frå start. Gjestane frå Nord-Trøndelag hadde flest sjansar i første omgang, og pressa heimelaget bakover. Ballen ville likevel ikkje i mål, og til pause stod det 0–0.

I andre omgang var begge lag gode bak og det var ein jamspelt omgang. Kampen enda 0–0 på Florø stadion.

Magnus Powell

– VI VAR BEST: Levanger-trenar Magnus Powell.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi er mykje betre og styrer spelet. Difor er eg skuffa over kampen. Vi manglar trykk. Florø er gode på det dei er gode på, men dei vil nok møte større problem, seier Powell.

Føler seg snytt for straffe

Både Florø-spelarar og publikum raste mot dommaren då Kristoffer Ryland blei felt på veg inn mot mål.

– Eg blir sparka bein på, og meiner at det er ei soleklar straffe.

Det var ikkje berre dommaren Ryland var misnøgd med.

– Dette er ein dårleg fotballkamp. Vi er ikkje gode. Eitt poeng er greitt nok det, seier han.

Florø-trenar Terje Rognsø er sikker på at Florø burde ha fått straffe då Ryland gjekk over ende.

– Eg begrip ikkje kvifor han berre skal legge seg ned når han er på veg rett mot mål. Det er det ikkje naturleg å gjere. Då burde dommaren i så fall gitt han gult kort for filming.

Dommar Bjørn Hansne

DAGENS MEST UPOPULÆRE: Dommar Bjørn Hansen. Levanger-spelaren er Erik Tønne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Dommaren prega kampen

Det var ikkje berre denne situasjonen Rognsø irriterte seg over. Han meiner dommar Bjørn Hansen frå Kolbotn hadde ein dårleg dag på jobben.

– Han prega kampen meir og meir. Han gjorde mykje rart, og spelarane blir oppgitte over så mange feilavgjerder. I periodar viser han at han ikkje forstår spelet.

Men både Rognsø og Stefan Aase var vel så misnøgde med eige spel. Aase meiner at sjølv om bana såg grøn og innbydande ut, så var den så ujamn og humpete at det var vanskeleg å få til presist pasningsspel.

Nicklas Frenderup

HELDT NULLEN: Nicklas Frenderup har berre sleppt in to mål på dei tre første kampane i 1. divisjon.

Foto: Kjell Arvid stølen / NRK

I periodar vart Rashad Muhammed liggande åleine framme. Presisjonen på midtbana var dårleg. og dei lange ballane mot Muhammed vart lett plukka opp av Levanger-forsvaret.

Men også Florø har eit godt forsvar, og kaptein Vegar Gjermundstad rydda opp i de meste saman med midtstopparkollega Runar Hove. Det dei ikkje fekk stansa tok keeper Nicklas Frenderup seg av.

– Det var herleg å halde nullen, men eg synest vi i andre omgang hadde sjansar til å score sjølv, og at dommaren snyt oss for straffe, så det er litt ergerleg. Det var ein krigarkamp, så 0–0 var i grunnen fint.

Florø står no med tre uavgjort etter det historiske opprykket til 1. divisjon. Med andre ord, laget har ikkje tapt enno, men heller ikkje fått den første etterlengta trepoengaren.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..