Høyanger Metallverk hadde eit driftsresultat på 28 millionar kroner i første kvartal i år. Det er to millionar kroner betre enn i same perioden i fjor, som var eit rekordår.
Færre tilsette
Verket i Høyranger produserte meir enn i første kvartal i fjor med færre tilsette. På eitt år er talet på tilsette ved metallverket resusert frå 280 til 236.
I Årdal er talet på tilsette redusert med 92 siste året. Ved utgangen av mars var det att 741 tilsette ved Årdal Metallverk.