Hopp til innhold

Emma (15) siktar mot OL om sju år

SANDANE (NRK): Emma Åsebø (15) hevda seg i fleire nasjonale renn førre sesong. No satsar alpinisten mot OL i 2022.

Emma Åsebø

SATSAR: Emma Åsebø (15) legg eigne ambisjonar høgt og håpar å vere del av OL-laget om vel seks år.

Foto: Thomas Brakstad / NRK

– Det er viktig med mykje trening, og denne treninga er veldig bra. Det er viktig med mengde, pustar og pesar Emma Åsebø under den harde styrketreninga til krinstrenar Even Hole.

– Amok er verst

Den talentfulle 15-åringen frå Eid kjenner øvingane godt etter fleire treningar med den tidlegare toppalpinisten. Det gjer ikkje slitet noko mindre når årets siste barmarkstrening blir avslutta med sirkeltrening i Trivselshagen på Sandane.

Rundt henne går over 40 unge og håpefulle alpinistar i alderen 10–16 år gjennom den same knallharde – og naudsynte – treninga.

Alpint-samling Sandane

SJÅ VIDEO: ENGASJERT: Sjekk ut videoen av alle dei knallharde øvingane Even Hole sende ungdomane gjennom under barmarkssamlinga. (FOTO/REDIGERING: THOMAS BRAKSTAD)

– Amok, å hoppe på tjukkasen, er verst. Det er tungt å hoppe. Du får ikkje noko svar frå tjukkasen, held Åsebø fram.

Siktar mot OL i 2022

Men knallhard trening har vist seg å vere viktigare enn talent for mange toppidrettsutøvarar. Og Åsebø er ei som ynskjer å nå langt – og legge ned hardt arbeid for å nå målet.

Alpinjenter frå Sogn og fjordane

I LANDSTOPPEN: Alpinistane frå Sogn og Fjordane har dei siste åra hevda seg heilt i landstoppen i dei yngre klassane. Her representert ved Edvine Betten (f.v.), Oda Helen Sunde Svendsen, Emma Åsebø og Gunn Christensen.

Foto: Margot Åsebø

Håpet er å reise med troppen som skal forsvare dei norske fargane i dei 24. olympiske leikar i kinesiske Beijing frå 4. til 20. februar om vel seks år.

– På lang sikt har eg lyst til å vere med på OL i 2022, seier ho.

Tukta verdas beste

15-åringen som konkurrerer for Haugen IL leverte fleire solide plasseringar førre sesong. Både nasjonalt og internasjonalt. Ikkje minst då ho tukta 76 av verdas beste i hennar klasse, og gjekk heilt til topps under Whistler Cup i Canada i april.

Med Åsebø på laget vart Norge også beste nasjon totalt.

– Eg har fått bra med trening i sommar, så eg er optimist. Eg vil ha betre plasseringar i år enn i fjor, men må trene hardt både på barmark og på ski. Så eg håpar snøen kjem snart, seier Åsebø.

Mange treningstimar

Med unntak av ein og annan fridag, trenar 15-åringen eitt par timar for dag for å halde fram utviklinga mot målet.

Ho er godt nøgd med hjelpa ho får frå den beste norske alpinisten på 1980-talet, og tidlegare landslagstrenaren for kvinner, Even Hole.

– Han er veldig flink. Det er om å gjere å ta treninga med i mi eiga barmarkstrening. Det er eigentleg all mogleg trening, som koordinasjon, balanse, spenst, hurtigheit og styrke, seier Åsebø.