NRK Meny
Normal

Emberland skjelte ut Molde-trenar

Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland kalte kollega Kjell Jonevret i Molde for ein idiot under treningskampen onsdag.

Kjell Jonevret

Kjell Jonevret vart skjelt ut av Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Kampen enda mållaust , men det var på sidelinja det var høgast temperatur.

- Ja, han kalte meg ein idiot. Men kva han legg i det må du nesten spørre han om. Eg byrjar å bli vand med å bli utskjelt, så eg bryr meg ikkje. Det er inga stor sak, seier Jonevret til TV2 Sporten .

- Stod og gneldra

Utblåsninga skuldast usemje om ein offside. Emberland stadfestar at han kalla Jonevret for ein idiot. Men han angrar ikkje.

- Han skulda meg for å prøve å påverke dommarane, men det var min eigen spelar eg snakka til. Det ville ikkje Jonevret forstå. Då sa han at eg "stod og gneldra heile tida". Det gjorde eg ikkje, og difor kalla eg han ein idiot, seier han til TV2 Sporten.

Tre kampar utan tap

Eliteserielaget Molde produserte dei største sjansane i kampen, men Sogndal drog likevel i land sin tredje strake treningskamp utan tap.

HØYR: Hjelmhaug om Sogndal-kampen

Sogndal startar sesongen heime mot Hønefoss 5. apri.

SJÅ: Heile kampoppsettet til Sogndal

Vegopning på Bergum i Førde kommune