NRK Meny
Normal

No må EM-håpa samle inn ein kvart million

I helga gjekk Florø Drill heilt til topps i NM. No ventar hektisk dugnadsverksemd når gruppa skal samle inn 240 000 kroner for å kunne måle krefter med dei beste i Europa.

Noregsmeistrane i Florø Drill må samle inn 240 000 kroner for å komme seg til drill-EM i Italia i byrjinga av oktober.

SJÅ: Florø Drill viser noko av repertoaret sitt i NRK-hagen. (FOTO/REDIGERING: OLE ANDRE REKKEDAL/NRK)

– Vi må selje ein del vaflar, så vi blir nok garantert å sjå i gatene, seier Beate Kristensen, Emilie Hatlenes og Karoline Book.

– Vi må stå på

Trioen er ein av 24 som i helga gjekk heilt til topps i den yngste klassa i drill-NM. I byrjinga av oktober ventar tøffare motstand, når EM går av stabelen i Italia.

– Etter sommarferien blir det fullt køyr med trening, seier Kristensen vel klar over at det også blir hektisk av andre årsaker.

Florø Drill treng nemleg 240 000 kroner for å komme seg til meisterskapen. I tillegg til sponsorarbeidet til styret, må jenter og foreldre hjelpe til.

– Vi er nøydde til å stå på. Det blir veldig mykje vaffelrøre, humrar jentene.

– Vel verdt treninga

I løpet av året legg jentene ned inntil ti timar trening kvar veke. I helga fekk dei betalt for dette. Først då NM-tittelen var sikra, og seinare då dei fekk beskjed om at også EM-billetten var i boks.

I sitt andre forsøk gjekk Florø drill heilt til topps i NM. Då dei fekk vite at EM-billetten var sikra braut det ut full jubel.

SJÅ VIDEO: Jentene sleppte jubelen laus. (FOTO: PRIVAT)

– Vi jobba hardt for det. Vi har hatt timar med øving i helgar og vekedagar. Vi har blitt veldig lei, men når vi klarte dette så var det verdt det, seier Kristensen.

Book har drive med drill i seks år.

– Det er spennande, og noko annleis enn handball og fotball. Du får utfordra deg sjølv og heile kroppen, seier ho.

– Veldig krevjande

Det kan hovudtrenar Anja Merethe Knudsen skrive under på.

Ho har sjølv bakgrunn frå Sinsen skoles musikkorps og Sinsen ungdomskorps, og var den som tok initiativ til å starte drillgruppa i 2010.

– Det er formasjon, formasjon, formasjon. Det er presisjon, samarbeid og marsjering. Synkronitet og kroppshaldning er veldig viktig, seier ho og tykkjer drill er flott å sjå på. Og krevjande.

Støttar kvarandre

– Det er multitasking på høgt nivå. Ikkje berre skal du kunne teknisk det du gjer med staven, men du må også telje til musikken og halde deg til koreografi, seier ho.

Med timar på timar med terping og til tider trøytte og slitne drilljenter, er det alfa og omega at troppen fungerer godt saman. Det meiner Knudsen at jentene i Florø Drill gjer.

– Dei støttar og hjelper kvarandre når det blir tungt. For det blir det til tider med mange timar tøff trening, ein blir lei og ein blir sliten av å terpe, avsluttar ho.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast