Hopp til innhold

EM-draumen brast for Hovland: – Bittert

Even Hovland skuldar på brente sjansar og lette baklengsmål etter det bitre 2–1 tapet mot Ungarn søndag.

Even Hovland deppar etter Ungarn-tap

SKUFFA: Even Hovland og Markus Henriksen deppar etter tapet mot Ungarn på søndag.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

Midtstopparen var nære på å teikne seg på scoringslista, men stolpen stod i vegen etter ein god corner frå Martin Ødegaard i første omgang. Når heller ikkje lagkameratane makta å overliste den ungarske veterankeeperen, med unnatak av eit trøystemål på tampen, var landslaget eigentleg aldri i nærleiken.

– Det er bittert, men til sjuande og sist leverer vi ikkje godt nok over to kampar og då fortener vi ikkje å vidare. Dei får for lette mål og i tillegg scorar vi ikkje på dei sjansane vi får, seier Hovland.

Vil ikkje skulde på laguttaket

Ungarn var av dei fleste sett på som ein drøymemotstandar. Men over to kampar makta aldri Hovland og kompani å true hardtarbeidande og effektive ungararar.

– Vi hadde ein god sjanse. No er alle skuffa for at vi ikkje tok vare på den moglegheita, seier Hovland.

Høgmo

FÅR STØTTE: Mange var kritiske til laguttaket, men landslagssjef Per-Mathias Høgmo får støtte frå midtstoppar Even Hovland.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Han fekk spele begge dei to omspelskampane og kom frå det med æra i behald. Men etter nederlaget på søndag var fleire ekspertar var kritiske til at 16-åringen Martin Ødegaard fekk sjansen frå start og at Markus Henriksen var sett til ei uvant rolle som einsleg spiss på topp.

Hovland meiner laguttaket hadde lite å seie.

– Alle som er på landslaget er gode nok til å spele. Vi som var utpå der gjorde ikkje ein god nok jobb, då skal vi ikkje skulde på laguttaket, seier han.

Tøff VM-kvallik i vente

Hovland seier at landslagssjef Høgmo var ordknapp i garderoben etter tapet.

Hovland takkar bortefansen for kampen

SER FRAMOVER: Norge møter gullvinnar Tyskland i VM-kvalifiseringa til neste år. Hovland gler seg til å møte tøff motstand.

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB scanpix

– Det var ikkje så mykje å seie heller, vi visste alle kva som stod på spel. Alle var skuffa over at vi ikkje greidde å levere, seier Hovland.

Til neste år ventar ei ny kvalifisering, denne gongen om retten til å spele VM i Russland i 2018. Blant overkommelege motstandarar som San Marino, Aserbajdsjan, og Nord-Irland, finn vi Tsjekkia og Tyskland.

Berre gruppevinnarane og det beste toarlaget er direkte kvalifisert, dei resterande åtte gruppetoarane må ut i omspel.

– Det er ikkje så gode sjansar der. Men vi får heller sjå fram til å møte gode lag. Det er alltid kjekt.