Hopp til innhold

Elvis: - 2008 var eit mareritt

Etter eit års skade- og sjukdomsmareritt er Ahyee Aye Elvis klar til å kjempe seg tilbake til fast plass på Sogndal-laget.

Ahyee Aye Elvis

Ahyee Aye Elvis vil ta tilbake plassen på Sogndal-laget.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Ivorianaren var mellom Sogndal sine beste spelarar i 2006 og 2007, og var førstevalet på høgrebacken til Sogndal. I fjor fekk han ikkje ein einaste kamp for 1. divisjonslaget.

- Det var eit veldig dårleg år for meg med mange skadar, operasjon og mykje sjukdom. Men no er eg 100 prosent klar att, seier han.

Elvis fekk ei rekkje skadar og måtte opererast i lysken. På toppen av det heile fekk han malaria under ein tur til heimlandet. I skadefråveret hans har både Lars Grorud og Lukaz Nadolski gjort sine saker bra på backplassen. Trenar Karl Oskar Emberland seier Elvis kan få ein lang veg attende til plassen på høgreback.

- Han må konkurrere seg inn att, men Elvis kan spele både på høgreback og sentral midtbane. Ved enkelte høve kan vi også bruke som midtstoppar. Han har fleire alternativ å slåss på. Først må få farten att og bli godt nok fysisk trent, for å sjå om han klarer å kapre ein av plassane, seier rogalendingen.