NRK Meny
Normal

Elvis sytte for poengdeling

I sommarsola på Fosshaugane Campus, tok Sogndal imot Mons Ivar Mjelde sitt Brynelag.

Sogndal - Bryne

Sogndal og Bryne delte poenga i sommarsola på Fosshaugane Campus.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Bryne som etter trenarskiftet har fått opplevd ein sportsleg opptur. Dei kom seg vidare i cupen, og vant dei siste to kampane før dagens kamp. Med seier i dei siste 7 kampane, var Karl Oskar Emberland sitt mannskap likevel klare favorittar.

Kampen minutt for minutt

Kampen sin fyrste sjanse kom nærast umiddelbart etter avspark, då drog ungguten Ulrik Flo med seg ballen framover i bane, før han skaut like utanfor. Sogndal opna friskt, med høgt tempo, og med mykje entusiasme i spelet sitt.

Helle scora for Bryne

Trass i Sogndal sitt gode spel, var det Bryne som fekk kampens fyrste mål. Den målfarlege kantspelaren Marius Helle, vann hovudduellen med Lars Grorud. Helle traff klokkereint med pannebrasken, og Piotr Lecejewski kunne ikkje gjere noko for å hindre at Bryne fekk eit kjempeutgangspunkt for resten av kampen.

Etter scoringa virka Sogndal noko usikre, og trass i at Bryne ved fleire høve gav bort ballen litt for enkelt, utnytta ikkje Sogndal dette. I staden var det Bryne som var farleg nær ei 0-2 scoring. Esben Ertzeid la eit skrudd innlegg til Allan Borgvardt, som sklei inn ei slags avslutning. Piotr Lecejewski redda denne kejmpesjansen, ved å sette ut høgrefoten i siste sekund.

Spennande 2. omgang

Resten av omgangen var det relativt lite som skjedde. Bryne sin Jakob Storhaug vart bytta ut, sannsynlegvis på grunn av ein hovudskade han pådrog seg i duell med Lubiniecki på Sogndal.

Andre omgang starta ved at både Per Egil Flo og Lukaz Nadolski på Sogndal, sendte av garde kvar sitt langskot. Eskeland i Brynemålet hadde full kontroll på begge. Deretter fekk Ezekiel Bala sin største sjanse for dagen, då han fekk eit langt framspel, og var åleine med keeper Lezejewski. Bala fekk imidlertid ikkje kontroll på ballen, og stillinga var framleis 0-1. Dette fekk Sogndalstrenar Emberland til å ta grep. Ut gjekk Per Egil og Ulrik Flo, inn kom Espen Olsen og Anders Stadheim.

Olsen endra kampbiletet

Espen Olsen markerte seg umiddelbart. Rett etter at han kom på bana i det 63 minutt, var han arkitekten bak Sogndal sin største sjanse i kampen. Han hoppa over ballen, slik at den kom fram til T. Dale, fekk ballen igjen, for deretter å spele Dale fri. Dale avslutta rett utanfor krysstanga.

Rett etterpå var Olsen igjen på farten. Nadolski la inn, og Olsen møtte med hovudet. Kun ei kjemperedning av Eskeland gjorde at det ikkje stod 1-1.

Elvis scora- Igjen

I det 72 minutt, på ein corner frå Henrik Furebotn, scora Sogndal utlikningsmålet. Ayhee Aye Elvis heada inn sitt tredje mål, på to kampar, alle på hovudet.

Etter dette opna kampen seg totalt, og det var fleire farlege overgangar til begge laga, kanskje flest til Sogndal. Men det vart ingen fleire mål i kampen, og laga vil, etter kampen å dømme, kanskje sjå seg nøgd med poengdeling.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser