Hopp til innhold

Elvis stakk av frå hundehotellet

Under eitt døgn etter at hunden blei levert på hundehotellet i Fardalen i Øvre Årdal, var han stukken av.

Elvis

SAKNA: Leonbergeren Elvis har vore sakna sidan byrjinga av juli etter at han stakk av frå eit hundepensjonat i Årdal.

Foto: Steinar Bolme

– Dette er berre utruleg trist. Han skulle vere der i éin dag, men så stakk han av berre ein time før eg skulle kome å hente han, seier eigar Steinar Bolme.

Det var i juli at Bolme reiste frå Årdal til Bergen. Han skulle berre vere vekke i eitt døgn, men i mangel på hundepass, nytta han seg av hundepensjonatet i Fardalen. Det gjekk ikkje heilt etter planen, og no har familiehunden vore sakna i i over éin månad.

– Ikkje godt nok

bolme

LEONBERGER: Steinar Bolme på tur med familiehunden Elvis før han rømde frå hundepensjonatet i Årdal.

Foto: Privat

Hunden Elvis er ein sokalla Leonbergar på 65 kilo. At han greidde å rømme frå hundehotellet er Bolme overraska over.

– Ein skulle tru han var trygg der. Dette er ikkje godt nok. Eg har ikkje så mykje fint å seie om pensjonatet akkurat no.

Eigaren av hundehotellet, Owen Robson, bekreftar at hunden stakk av i juli. Robson seier at det er ein stor feil som har skjedd, men at noko liknande aldri har skjedd ved hundehotellet tidlegare.

Utover det ønskjer han ikkje å kommentere saka.

Ifølgje Bolme har han fått tilbod om ein ny kvalp frå hundehotellet, men det er uaktuelt, seier hundeeigaren.

– Vi vil finne Elvis. Vi trur han framleis er i live, så vi vil halde fram å leite.

Mange tips

Etter å ha posta bileter av hunden på Facebook, har Bolme fått tips frå mange som meiner dei har sett Elvis.

– Vi har sjølv funne pels som vi er heilt sikre på kjem frå han, men det er ikkje godt å seie kor han er.

No ber Bolme alle som kan ha sett Elvis om å ta kontakt på telefon 970 10 738.

– Han er nok svolten og redd, men han er veldig snill og ikkje farleg.