Hopp til innhold

Elvis friskmeld etter hovudsmellen

Sogndal-spelar Ahyee Aye Elvis Elvis er friskmeld etter den kraftige hovudsmellen han fekk heimekampen mot Alta.

Ahyee Aye Elvis

TILBAKE: Elvis er truleg tilbake på Sogndal-midtbana mot Løvham.

Foto: Rune Fossum / NRK

Ahyee Aye Elvis skada mot Alta

SÅG DRAMATISK UT: Elvis ligg nede for telling i heimekampen mot Alta.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Elvis har vore i full trening sidan måndag, opplyser medisinsk koordinator Kim Are Jacobsen i Sogndal Fotball til Sogn Avis si nettutgåve.

Fekk kne i tinningen

Det var i heimekampen mot Alta 26. september at midtbanespelaren frå Elfenbeinskysten gjekk ned for telling i ein duell med ein Alta-spelar. Ivorianaren fekk eit kne i tinningen og var medvitslaus frakta av bana på båre.

Ein omtåka Elvis kunne ikkje gjere greie for kva dag det var, då det medisinske støtteapparatet stilte kontrollspørsmål etter smellen.

Trass dei dramatiske TV-bilete, slapp Elvis med skrekken og ei hjerneristing og vart skriven ut frå Førde sentralsjukehus dagen etter.

Er truleg i LøvHam-troppen

No har Elvis har vore i full trening sidan måndag.

Jacobsen seier til Sogn Avis at han reknar det som sikkert at ivorianaren er med troppen som møter Løv-Ham i Bergen søndag.

Sogndal leiar 1. divisjon med sju poeng ned til Fredrikstad når det står att fire kampar. Det er ytterlegare eitt poeng ned til Sarpsborg 08 på kvalikplass.

Ahyee Aye Elvis

SJÅ TV-REPORTASJE: Elvis på sjukehus.