Hopp til innhold

Elvis (3) forsvann – no er eigaren av hundehotellet dømd for brot på dyrevernlova

For 17 månadar sidan rømte leonbergaren Elvis frå eit hundehotell i Øvre Årdal. Nyleg fall dommen i rettssaka mot eigaren av hundehotellet.

Elvis (3)

FRAMLEIS VEKKE: Ingen veit kva som skjedde med leonbergaren Elvis.

Foto: Steinar Bolme

– Vi registrerer at straffa er redusert frå aktor sin påstand, men det er mi vurdering at dommen er streng.

Det seier hundehotelleigaren sin advokat, Anette Stegegjerdet Norberg.

No er hundehotelleigaren dømd for brot av dyrevelferdslova. Han er dømd for å ha latt hunden Elvis gå laus utan tilstrekkeleg tilsyn, på eit område der gjerdet ikkje var høgt nok, og at området ikkje var avstengt mot elva med gjerde.

Han vart dømd til å betale ei bot på 10 000 kroner, og betale 20 000 kroner i skadeerstatning til eigaren av hunden, Steinar Bolme.

Anette Stegegjerdet Norberg

ØNSKTE FULL FRIFINNING: Advokaten til eigaren av hundehotellet seier hennar klient meiner retten har lagt for liten vekt på undersøkingane han gjorde i forkant, og dialogen han hadde med Mattilsynet.

Foto: Runa Victoria Engen

Sporlaust forsvunnen

25. juni 2016 var den tre år gamle leonbergaren Elvis på hundehotellet. Han vart lufta saman med 5–6 andre hundar av eigaren av hundehotellet. Eigaren tok bilete av hundane, som sprang utan band, og plutseleg var Elvis vekke. Hunden er framleis sporlaust forsvunnen.

Les også: Elvis stakk av frå hundehotellet

Vil ikkje anke

Hundehotelleigaren vil ikkje anke.

– Saka har vore tung og vanskeleg for han heilt sidan Elvis forsvann. No resignerer han, og ankar ikkje fordi han ikkje har tiltru til at rettsapparatet skal dømme annleis i neste instans. Han synest det er fortvilande at undersøkingane hans ikkje blir meir vektlagde, seier Norberg.

Saka har påverka både han og familien.

– Han og familien treivst godt i Årdal, og han bygde opp ei bedrift som han fekk gode tilbakemeldingar på. For familien har denne saka betydd økonomisk ruin, for ikkje å snakke om det emosjonelle presset dei har vore under, seier Nordberg.

Nøgd med dommen

Hundeeigar Steinar Bolme føler han no kan legge saka bak seg. Han har teke imot hets og truslar på Facebook og sms.

– Det har vore ei tung sak for oss. Det handlar ikkje om pengesummar for oss, men om hunden vår, Elvis. Vi er ute etter rettferd, og det synest eg vi har fått no, slår Bolme fast.