Hopp til innhold

Elvane fløymer over av vatn

Snøen smeltar i store mengder, samstundes som det har kome veldig mykje nedbør på ganske kort tid. Resultatet er at mange elvar no går over sine vanlege breidder.

Mykje vatn i Gaula på Sande i Gaular

MYKJE VATN: Det er mykje vatn i Gaula, som går gjennom Gaular kommune i Sunnfjord.

Foto: NRK-tipsar

– Måsane har bygd reir lags heile elvebreidda, men i går måtte dei sjå på at alt vart vekke. Dei måtte kapitulere mot vassmassane, seier Sølvi Kapstad frå Sande i Sunnfjord.

Ho driv Sande Kro og stod på verandaen rett ved elvebreidda. Elva Gaula vaks og vaks utover dagen i går. I dag har den gått litt ned, men det er framleis kraftig vassføring i elva.

Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, stadfestar at det er mykje vatn i elvane rundt om i fylket no.

– Det er veldig mykje vatn i elvane på grunn av snøsmelting og regn, men det er likevel ikkje i fare for å få noko flaum her, seier Samdal.

Brigt Samdal, NVE

IKKJE FARLEG: Brigt Samdal i NVE seier at dei ikkje er så mykje vatn at det er fare for flaum.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Har vi nådd toppen no, då?

– Det kan framleis kome ein del vatn før det er tomt, og det kan kome fleire periodar med litt auka vatn. Men vi kjem ikkje til å nærme oss noko terskel for skader her i Sogn og Fjordane.

Mykje vatn i Gaula

STOR ELV: Gaulavassdraget går utover sine vanlege breidder no.

Foto: nrk-tipsar

Hugs å passe på at vatnet kan få strøyme fritt

Sjølv om NVE ikkje forventar at vatnet skal føre til skader, understrekar Samdal likevel at det er lurt å passe litt på.

– Folk må vere obs på at vatnet får lov til å gå der det skal gå. Om kumlokk eller avløp er tette med greiner til dømes, må ein passe på at ein reinskar opp og let vatnet strøyme fritt, seier Samdal.