Hopp til innhold

Varmt vêr og nedbør kan føre til femårsflaum

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) følgjer utviklinga i vêret time for time. Høge temperaturar kombinert med nedbør kan føre til nye storflaumar.

Det varme vêret fører til høge temperaturar i fjellet, noko som set fart på snøsmeltinga. Kombinert med store mengder nedbør kan dette føre til nye flaumar.

– Varselet seier at det skal kome inn nedbør på søndag. Det er i dette vendepunktet vi kan få eit krevjande døger, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Varslar femårsflaum

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

TIME FOR TIME: Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier det varme vêret kombinert med store nedbørsmengder kan føre til nye flaumar.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Varselet tilseie ein femårsflaum på gult nivå. Dette kan føre til flaum, men det heile er svært usikkert.

– Alt kjem an på når nedbøren kjem og kor kraftige regnbyer vi får, seier Samdal.

NVE ber folk vere observante og ta sine førehandsreglar.

– Sørg for at vatnet får renne der det normalt skal renne. Vi håpar dette kan vere med på å bidra til at vi unngår ein flaum, fortel Samdal.

Størst fare i indre strok

Slik varselet er no er det i indre delar av fylket at ein kan få dei største utfordringane.

– Lærdal og Aurland er blant områda vi føl ekstra godt med på.

Allereie i neste veke skal det bli kaldare igjen.

– Det er akkurat i vendepunktet det er kritisk. Når temperaturane går ned, så minkar også snøsmeltinga og då roar det seg nok, fortel Samdal.