Bygningssjef Torolf Norheim i fylkeskommunen og ordførar Olav Lunden i Leikanger kommune framfor Fylkeshuset. MMS-foto: Arne Eithun, NRK
Leikanger kommune og Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har vore på synfaring nyleg og ber om at det blir sett i verk strakstiltak i Njøsaelvi.
Dårleg organisering
Det var 14. november i fjor at Njøsaelvi til liks med mange andre elvar i fylket gjekk langt over sine breidder. Store vassmengder heldt på å renne inn i fylkeskommunen sitt adminstrasjonsbygg som ligg tett ved elva.
- Eg var ganske heit i toppen i ein periode, då vi såg kor fort vatnet steig og sidan vi var så dårleg organiserte med tanke på ei krise. Vi visste ikkje kven som hadde ansvaret, seier bygningssjef i fylkeskommunen,bygningssjefen i fylkeskommunen, Torolf Norheim, som slett ikkje var sikker på utfallet av flaumen den gongen.
- Katastrofalt
Store steinmassar har lagt seg i elveløpet rett utforbi fylkesadministrasjonen. Det skapar uro, for i praksis betyr dette at botnnivået på elva har kome ein meter høgare enn normalt. Ein ny flaum kan difor bli langt meir alvorleg enn den forrige.
- Det kan verte ganske katastrofalt. Vi har nettopp etablert eit magasin for fylkesarkivet som ligg på dette nivået. Heile datasystemet vårt ligg også på dette nivået. Det vil få store konsekvensar viss det skulle kome vatn inn i bygningen, seier Norheim.
Kan gjere stor skade
Etter ei synfaring tidlegare denne veka slår NVE og Leikanger kommune fast at elveløpet har endra seg mykje, og ein ny storflaum kan gjere stor skade både på fylkeskommunen og statens vegvesen sine bygningar.
Viktig med tiltak straks
I ei oppsummering frå synfaringa skriv teknisk sjef i Leikanger, Per Gjerland, at desse bygningane har ein verdi på til saman 220 millionar kroner. Det er difor viktig å kome i gang med sikringstiltak straks. Dette arbeidet vil koste nærare to millionar kroner.
Ordførar Olav Lunden er fullstendig klar over at det hastar med tiltak. Januar og mildver er ein dårleg kombinasjon, seier han.
- Under snøsmelting i mildversperiodar kan elva vekse utruleg fort, kanskje opptil ein meter i løpet av ein time, seier han.