NRK Meny
Normal

Flekkeelva i ferd med å tørke ut

I Flekkeelva i Fjaler er vassføringa no så låg at yngelen i elva døyr.

elv

FARE PÅ FERDE: Det er no unormal låg vasstand i Flekkeleva.

Foto: Bjarne Huseklepp

– Eg kan ikkje hugse at vi har hatt så lite vatn før.

Det seier sportsfiskar Bjarne Huseklepp om tilstanden i Flekkeelva i Fjaler.

På midten av 90-talet var det liknande tilstandar, men det var etter at fiskesesongen var ferdig, ifølgje Huseklepp.

– 20. juni var det 1200 liter vatn i sekundet. No har det regna litt, så vi er kanskje opp i 1300. Det er lite i eit så stort vassdrag.

At dette har gått utover fisken i elva er det inga tvil om, ifølge han.

– Eit stort elveparti som vanlegvis ligg under vatn er no heilt tørr. Der er små pyttar som det ligg død yngel i, men om det er laks eller aure veit eg ikkje.

Mot katastrofe

Han meiner dette kan gå hardt utover fiskebestanden i elva dersom tørka held fram.

– Den skaden som kan kome har nok allereie skjedd, men det kan bli eit større problem dersom elva går ytterlegare ned og blir varma opp, seier Huseklepp.

Han seier nesten ingen fiskar i elva no.

– Det er dårlege forhold i elva. Sjølv om vi set pris på fint ver, håpar vi at det byrjar å regne snart.

Lokalt ansvarleg for forvaltninga av Lærdalselvi, Torkjell Grimelid, føler med kollegaen i Fjaler.

– Dette er ille. Så lite vatn er alvorleg. Og det er synd, for Fjaler har gjort mykje godt kultiveringsarbeid som no kan stå på spel, seier Grimelid.

Dårlegare reproduksjon

– Det som står mest på spel er reproduksjonen i elva. For det første døyr eksisterande yngel, men mindre vatn gjer også at det blir mindre areal for gyting og dermed færre lakseungar på sikt, seier Grimelid.

– Og jo mindre vatn, jo høgare temperatur i elva, fordi det blir mindre vatn å varme opp, held han fram.

– Og det praktiske fisket blir umogleg.

Til samanlikning har Lærdalselvi, som er del av det største vassdraget i Sogn og Fjordane, men som renn gjennom nedbørsfattige Lærdal, no 60 000 liter vatn i sekundet, mot normalen 35 000–40 000 liter.

Vegopning på Bergum i Førde kommune