Hopp til innhold

Etterlyser gifteklare par frå heile landet

Gifteklare par kan no få sitt draumebryllaup til sommaren og samstundes ta del i eit historisk spel.

Erlend Ona Gjul i rolla som "krigskommiser Jon Myklebust" med oppmoding før Elskhug og Eksis.

Krigskommisær lyser ut konkurranse

Teatermusikalen «Elskhug og Eksis» vil ha tak i kjærleikspar til sommaren.

Erlend Ona Gjul er regiassistent og skodespelar og har rolla som krigskommissær Jon Myklebust. Han har eit bodskap til alle gifteklare:

– Går du med gifteplanar, så har du moglegheita til å vinne eit draumebryllaup om du er rask.

Størst utandørs

Spelet vert framført på Eksersisplassen i Eid i Sankthans helga noko det vert gjort annakvart år.

– Vi tenkte vi burde gjere noko med spelet for å få vist det fram, seier Ona Gjul.

Dei er Norges største utandørs barne- og ungdomsteater med 140 personar på scena til no.

– I år stasar vi på å runde 160 personar som er med i sjølve handlinga, kan han fortelje.

Kommissør Jon Myklebust - Erlend Ona Gjul

STRAM KAR: Erlend Ona Gjul som kommisær Jon Myklebust søkjer etter brudepar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gifteklar?

Handlinga går føre seg ein 17. mai i 1895. I stykket er det og eit giftarmål. No treng dei gifteklare som kunne tenkje seg eit bryllaup litt utanom det vanlege.

Og dette er snakk om eit ekte bryllaup. Ikkje noko skodespel kan han bekrefte.

– Vi har fått med oss embetet på Nordfjordeid til å gjennomføre eit juridisk riktig og ordentleg bryllaup på scena, midt under spelet på Eksersisplassen i tidsriktige kostyme.

Ona Gjul seier brudeparet sjølv får bestemme kor stor del dei vil ta av stykket, men dei ønskjer folk som vil delta og kanskje få seg ei lita rolle med eit par replikkar.

– Dette er 1895, tenk deg for ei stilig brud. Med svart brudekjole og masse kniplingar. Det vert flott det, seier han.

To heldige par

Det er ikkje berre eitt brudepar dei treng. Det er to framsyningar. Difor treng dei to brudepar.

– Eit brudepar på laurdagen på premiera den 22. juni og eitt som får Sankthansafta 23. juni, seier Ona Gjul.

Han kan også lokke med brudesuite til det heldige brudeparet. I tillegg kjem tidsriktige kostyme og hestetransport. 3. juni er fristen for å melde seg på som gifteklart brudepar.

– Fall på kne

Dei fleste gifteklare har nok allereie lagt sine planar dersom giftarmål står for tur, men Ona Gjul håpar likevel det vil melde seg nokre brudepar.

– Vi er klare over at vi er litt seint ute, men eg tenkjer at desse karane som no har klødd seg i hovudet og hatt ein kongstanke om å faktisk gjere ei ærleg dame av ho dei bur i lag med, så er dette ei gylden moglegheit. Fall på kne og gjer det du skal og kom til Eid og få deg eit draumebryllaup, oppfordrar han.