Hopp til innhold

Elsa (72) sikrar den store fotoarven etter far sin

FLORØ (NRK): Heilt sidan 90-talet har Elsa Horne (72) arbeid med å fylle inn opplysningar til dei om lag 25.000 fotonegativane etter far hennar, som var ein kjend fotograf. Ho veit endå ikkje når ho blir ferdig.

Elsa Horne

KULTURHISTORISK ARBEID: Elsa Horne (73) er lidenskapeleg oppteken av å gjere fotosamlinga etter faren tilgjengeleg for fleire.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Sildefisket, krigstida, frigjeringsdagen, 4-dagars bryllaup og gravleggingar med opne kister. Livet i Sunnfjord-området mellom 1929 og 1962 er godt dokumentert gjennom fotosamlinga til fotograf M.N. Horne.

– Vi som er borna etter fotograf Horne har gitt fotoarkivet til Fylkesarkivet som ei kulturhistorisk gåve. Vi synest det er viktig at det blir teke vare på, seier dottera, Elsa Horne.

72-åringen har brukt mykje av fritida si på å fylle inn opplysningane til bileta.

– Det ein god del opplysningar. Då må vi få greie på og registrere alle namna, og kor bileta er tekne. Det gjer arkivet meir meiningsfullt, forklarar ho.

Foto i fotosamlinga etter fotograf Horne. Brudeparet Malvin Horne og Marie Aarseth Horne

FOTOGRAFEN: På dette bilete er fotografen sjølv, Malvin Horne, fotografert saman med kona Marie Aarseth Kvellestad. Han var frå Kvellestad og ho var frå Vevring.

Foto: M.N. Horne/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

– Viss ikkje bileta blir registrert med namn og nemningar blir dei ikkje søkbare. Då berre ligg dei der, og det er synd.

Tidkrevjande

Samlinga ligg magasinert i Fylkesarkivet i Leikanger.

Horne, og andre som hjelpt til, har greve fram nesten heile fotosamlinga, og er i ferd med å få alle bileta digitaliserte og lagt inn i databasen til Fylkesarkivet.

– Når eg veit at dei ligg der, så søker eg dei opp ved hjelp av nummeret på posen som det negativet ligg i. Deretter ser eg i protokollen for å finne namnet som høyrer til nummeret, seier ho.

I arbeidet med å få greie på alle namna og stadnamna, får Horne god hjelp frå Facebook.

– Det er grupper som heiter «du veit du er frå Vevring», «du veit du er frå Florø» og «gamle bilete Bremanger». Askvoll, Bulandet, Værlandet, nesten alle stadar har jo sånne sider. Så dei gruppene brukar eg når eg etterlyser folk.

Foto frå fotosamlinga etter fotograf Horne. Fiskeflåta hamn i Florø 50-60-talet

SILDEFISKE: Sildefisket i Førdefjorden og i Florø er godt dokumentert i samlinga. Her er fiskeflåten i hamn ein gong på 50- eller 60-talet.

Foto: M.N. Horne/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

– Gull for Fylkesarkivet

Ifølge florøværingen har prosjektet fått støtte av blant andre Norsk kulturråd, Flora kommune og diverse bedrifter.

Fylkesarkivar i Sogn og Fjordane Arnt Ola Fidjestøl

TAKKSAM: Arnt Ola Fidjestøl, leiar for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, meiner innsatsen til Horne er svært verdifull for arkivet.

Foto: Privat

I Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane sin database ligg det mellom 350.000 og 400.000 gamle bilete, men mangelen på opplysningar gjer at ein ikkje kan søke opp mange av desse bileta.

– Eit bilete utan nokon opplysningar er, i mange tilfelle, nesten ikkje verdt noko i arkivsamanheng. Ein har behov for å vite kven det er som er avbilda og kva ein kan sjå på bilete, seier Arnt Ola Fidjestøl, fylkesarkivar i Sogn og Fjordane.

– Det er gull verdt for oss at sånne folk som blant andre Elsa Horne, som har kjennskap til materialet og området, står på for Fylkesarkivet, legg han til.

Foto i samlinga etter fotograf Horne. Familien Kristine Horne Kvammen og Johannes Kvammen med born

Bileta ligg i Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Foto: M.N. Horne/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Kulturhistorisk verdi

Horne meiner arbeidet med å samlinga og opplysningane, er viktig.

– Det er jo kulturhistorie, det her. Samlinga til far min dreiar seg om eit stort tidsspenn og det er veldig viktig å visualisere den tida.

Elsa Horne (73) ser ned i ein perm med gamle bilete

25.000: Heilt sidan 90-talet har Horne arbeid med å fylle inn opplysningane til dei tusenvis av bileta.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK