Hopp til innhold

Elling (15) fekk berre 6-arar

Går det verkeleg an? Ja, det gjer det. Elling Stenseth (15) går ut av ungdomsskulen med berre 6-arar på vitnemålet.

Geir Knapstad, Elling Stenseth, Bengt Solheim-Olsen

IMPONERTE: Rektor Geir Knapstad (t.v.) og ordførar Bengt Solheim-Olsen (t.h.) er begge imponerte over kva Elling Stenseth har fått til på ungdomsskulen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det første eg gjorde då eg høyrde om dette var å ringe til rektor for å høyre om dette skjer ofte, seier ein oppglødd ordførar i Florø.

Bengt Solheim-Olsen har nemleg aldri før høyrt om ein ungdom som kan skilte med ei lang, lang rekke med berre 6-arar på vitnemålet.

Og det er sjeldan. Det kan rektor ved Flora ungdomsskule, Geir Knapstad, skrive under på.

– Eg har ikkje sett eit liknande vitnemål før. Dette toppar alt eg har sett, seier han til NRK.no.

Hardt arbeid og lesing på fritida

Medan mange jublar både høgt og lenge over berre éin seksar på vitnemålet kan florøguten Elling Stenseth skryte over langt meir. Ikkje mindre enn 16 6-arar prydar vitnemålet hans.

Det vil seie at han har fått 6 i absolutt alle faga som har karakter ut av ungdomsskulen.

– Det har vore hardt arbeid gjennom alle år, det vil eg påstå, seier han sjølv om prestasjonen.

Men i tillegg til hardt arbeid har han også nytt godt av ein hobby han har brukt mykje tid på.

– Det har vore veldig mykje lesing, og eg føler den har hjelpt meg godt på veg.

– Allereie i andre klasse byrja eg å lese ganske tjukke bøker, og det har eg halde fram meg. No har eg byrja lese på engelsk også, og det føler eg gjer bra for engelskkarakterane, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elling Stenseth sitt vitnemål med berre 6-arar

DET GÅR AN: Elling Stenseth sitt vitnemål består av berre 6-arar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Skulle bli betre enn søstera...

Men å lese på fritida gir deg ikkje toppkarakter i kunst og handverk, musikk og mat og helsefag. Hardt arbeid og lekselesing time etter time må til.

– Det har vore mykje lekser opp gjennom åra. Eg har ville prestere godt, og det har vore eit mål, seier han.

At storesøstera også har gjort det godt på skulebenken har vore ein ekstra motivasjonsfaktor vedgår han.

– Då ho kom heim frå tiandeklasse med eit vitnemål som sa 5,7 i snitt, så tenkte eg for meg sjølv at eg skal slå ho. Og det klarte eg, ler han.

– No har eg ei veslesøster på fire år som skal slå meg igjen, flirer han.

– Overbevisande

Rektor Geir Knapstad er overtydd om at mange timar med hardt arbeid er det som ligg til grunn for vitnemålet 15-åringen no kan skilte med.

– Eg trur det er rett som han seier, det er innsatsen som gir utteljing. Der er det mange som har litt å gå på, seier rektoren.

– Det har vore elevar som har vore i nærleiken av dette, men eit vitnemål med blanke seksarar og endåtil 6 i matematikk skriftleg eksamen. Det er verkeleg overbevisande, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elling Stenseth blir gratulert av Flora-ordførar Bengt Solheim-Olsen

GÅVEKORT: Ordførar Bengt Solheim-Olsen var aldri i tvil om at 15-åringen måtte bli gjort litt ekstra stas på då han fekk vitnemålet sitt i dag.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Gjorde stas på 15-åringen

Ordførar Bengt Solheim-Olsen ringde sporenstreks til rektoren då han fekk høyre om prestasjonen.

– Då han sa at dette aldri skjer, så tenkte eg at vi må gjere stas på guten som verkeleg har lagt ned ti års godt arbeid i grunnskulen, seier Solheim-Olsen.

I dag var han på plass med gåvekort og diplom frå kommunen. Ordføraren let seg også imponere over at ungguten knapt har vore vekke frå skulen.

– Fem dagar på tre år, og det er grunna landsmøte og ein handballcup. Han har ikkje vore vekke på grunn av sjukdom, det seier noko om viljen, seier Solheim-Olsen.

Veit ikkje kva han vil bli

Og at ein må vere godven med viljen er ein fordel, seier 15-åringen.

– Det har vore mykje vilje, seier han.

Samtidig har det vore viktig for han å ha eit liv utanom skulen. Elling Stenseth fortel at han har vore aktiv med både fotball, handball, friidrett og Tensing.

– Eg styrer med mykje forskjellig. Hadde eg berre sete inne hadde eg ikkje overlevd, flirer han.

Om det no blir forskar eller jobb i NASA neste er ikkje noko han har bestemt seg for endå. Og greier han levere varene når han no tek til på ungdomsskulen kan han truleg velje og vrake i utdanningsvegar vidare.

– Kva framtida vil bringe vil framtida vise. Eg har ikkje sett meg noko yrkesmål enno. Men eg skal prøve halde oppe, eller i iallfall vere i nærleiken av snittet mitt, så kjem eg inn på det eg vil og har litt meir tid på å bestemme meg, seier han.

– Fortent

Både rektoren og ordføraren let seg imponere. No spørst det kor lenge det blir til neste gong dei ser eit liknande vitnemål.

– Eg er først og fremst imponert. Eg veit at faglærarane våre er nøkterne, så har han fått 6, så har han garantert fortent det, seier rektor Geir Knapstad.