Ellevill jubel etter opprykk for Florø

FLORØ (NRK): «Florø. Florø, Florø», ropar publikum taktfast over stadion etter at kampen er slutt og opprykket sikra. Etter 93 minutt på pinebenken kunne endeleg jubelen runge over stadion.

Kai Frode Magnussen, Petter Magnussen og Hilde Amundsen slapp jubelen laus.

NERVØSE: Dei meiner trenar Terje Rognsø skal ha mykje skryt for å ha klart å få Florø opp til 1. divisjon. Kai Frode Magnussen, Petter Magnussen og Hilde Amundsen var nokre av dei som kunne puste letta ut på stadion laurdag ettermiddag.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Dette var heilt fantastisk. Eg veit ikkje kva eg skal seie. Det er ikkje ofte, men i dag er eg tom for ord, seier Hilde Amundsen.

15. oktober 2016 vil vere ein merkedag i evig tid for Knut Magnussen.

LUKKELEG: 15. oktober 2016 vil vere ein merkedag i evig tid for Knut Magnussen.

Foto: Kjell Arvid Stølen

Ho var ein av dei 2700 publikummarane som hadde møtt opp til det som uansett utfall teikna til å bli ein fotballfest av dei sjeldne. Mykje stod på spel for dei to topplaga. Resultatet kunne avgjere kva divisjon dei spelar i neste år. Og for Florø vart det full pott, med 2–0 siger og sikra opprykk til 1. divisjon.

– Det var jo så spanande at det neste er usunt. At vi no skal møte meir meritterte lag er ein draum. Det er berre å klype seg i armen. Det som har skjedd med fotballen i Florø er eit mirakel, seier Kai Frode Magnussen.

– Det største eg har opplevd

Elleville jubelscener på stadion ville nærast ingen ende ta. Folk sprang inn på bana for å hylle fotballheltane sine.

Ein av dei som stiller seg i rekka av gratulantar er Knut Magnussen, som er Florøpatriot på sin hals. Då han gjorde seg klar til kamp laurdag heldt han på å gløyme hjartemedisinen, men tok for sikkerheitsskuld dobbel dose for å vere klar. Og det trong han.

– Det kom godt med. Om vi ser vekk frå heilt personlege lukkestunder, så er dette noko av det største eg har opplevd. Det er fantastisk. Klubbens sette seg hårete mål, og måten dei har klart det på er imponerande. Dette gir heile byen eit løft.

– Får ein betre sjølvtillit av dette?

– Det har aldri vore noko å utsette på sjølvtilliten til folk i Florø, og det blir nok ikkje mindre av dette, seier Magnussen og ler.

For dei som har følgt klubben tett i mange år så var laurdag ein gedigen opptur. Øystein Hjertenes har vore aktiv i Florøfotballen i 44 år.

Øystein Hjertenes er glad for at hans spådomar om sesongen ikkje slo til.

STOR DAG: Øystein Hjertenes er glad for at hans spådomar om sesongen ikkje slo til.

Foto: Kjell Arvid Stølen

– Dette er til dei grader det største augeblikket. Eg hadde tippa laget som nummer fire i år, innrømmer han etter at resultatet er klart.

Han meiner det var ein tett kamp mellom to gode lag, men at Florø trekk det lengste strået fordi dei klarer å stå på gjennom heile kampen.

– Dette er ein merkedag for Florø. Om det blir offisiell flaggdag skal eg ikkje føreslå, men dagen blir i alle fall grundig markert i dag.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.