Hopp til innhold

Elkem-produksjon til Island

Elkem Bremanger flyttar no deler av produksjonen til Island. Årsaka er høge kraftprisar som gjer at dei ikkje greier å konkurrere på verdsmarknaden.

Elkem Bremanger
Foto: NRK

- På grunn av dårleg sal har vi bestemt oss for å redusere drifta på den eine omnen i ein periode på seks månader, seier verksdirektør Frode Nummedal.

Alvorleg

Denne produksjonen blir flytta til systerbedrifta på Island. Ved den råka avdelinga produserer dei ferr|osilisium-tilsetjing til jernindustrien, og halvparten av dei 180 tilsette i Svelgen arbeider ved denne avdelinga. Difor er det alvorleg når Elkem flyttar ut så mykje som halvparten av denne produksjonen.

- Pr i dag har vi ikkje gått til permitteringar, men mellombels tilsette og vikarar som vi har hatt inne må vike plass for fast tilsette, seier Nummedal.

Høge kraftprisar

Årsaka til flyttinga er høge kraftprisar, som i seg sjølv aukar utgiftene.  I tillegg fører det til høgare prisar på kol og koks. Dette brukar Elkem Bremanger som råvarer i produksjonen, men med høgare kraftprisar blir også kolprisen pressa opp sidan kolkraftverk også brukar straum.

Flyttinga er i utgangspunktet for seks månedar, men truleg må ting endre seg dersom produksjonen skal flyttast tilbake.

- Etter at dei seks månadene er over vil vi evaluere og sjå om vi skal sette i gang produksjonen att.

Bekymra ordførar

I Ålvik i Hardanger vart heile lokalsamfunnet tidlegare i år rysta då Elkem Bjølvefossen bestemte seg for å flytte heile produksjonen til utlandet. Også her var årsaka høge kraftprisar.

Difor er ordførar i Bremanger, Kåre Olav Svarstad, bekymra når han høyrer om flyttinga av produksjonen frå hjørnesteinsverksemda.

- Det som bekymrar meg mest er dersom vi ikkje greier å få til eit industrikraftregime som gjer at denne bedrifta og alle norske kraftkrevjande bedrifter kan konkurrere med bedrifter i utlandet.