Hopp til innhold

Elkem kan miste kraftmagasin

Bremangersambandet kan føre til at eit av kraftmagasina til Elkem kan forsvinne.

Elkem Bremanger, Svelgen

Elkem Bremanger sin fabrikk i Svelgen kan miste eit av kraftmagasina sine.

Foto: Ottar Starheim / NRK

NVE åtvarar mot av Vingevatnet som er ein del av kraftanlegget Elkem sin fabrikk i Svelgen kan få ein voldsom lekkasje. Regionssjef Gunnstein Brakestad i NVE seier det er dei spesielle grunntilhøva som kan skape problem.

Kan komme strøymande

- Det har vist seg at i enkelte situasjonar kan bli uventa stor inntrening av vatn i tunnelar, seier han.

Det er byggjinga av ein tunnel på den planlagde del to av Bremangersambandet som kan skape problem. Årsaka er at grunnen under vatnet er ei overgangssone mellom konglomerat og sandstein. Når tunnelen skal gjennom dette kan vatnet komme strøymande og Elkem kan gå glipp av verdifull kraft. Senioringeniør i Statens vegvesen Hans Erik Buene seier dei har fått ein rapport om saka som stadfestar at dette kan bli eit problem.

- Kjende med problemet

- Vi er kjend med problemet, og at det kan vere vassførande sprekker. Men dette er heilt umogleg å seie på førehand, seier Buene.

Han seier at han reknar med at ein eventuell lekkasje vil kunne tettast. Siste byggjesteg i Bremangersambandet er venta å koste nær ein halv milliard kroner og er venta å komme på statsbudsjettet i 2009. Vegen skal binde saman Bremangerøya inn mot kommunesenteret i Svelgen.