Hopp til innhold

Elkem investerer for 400 millionar i Bremanger

SVELGEN (NRK): Ein ny omn til 250 millionar kroner skal kutte utsleppa frå smelteverket Elkem i Bremanger drastisk. Elkem skal med støtte frå det kinesiske moderselskapet investere til saman 400 mill i bedrifta dei nærmaste åra.

Ny omn Elkem Bremanger

NY OMN: Denne omnen hjå Elkem i Bremanger skal oppgraderast i haust. Dette skal mellom anna redusere utsleppa frå smelteverket.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

Den gamle omnen stengde søndag, og verksdirektør Arne Werge-Olsen fortel at oppgraderinga vil ta om lag tre månader.

– I praksis fornyar vi heile omnen. Det er både ei vedlikehalds- og miljøoppgradering. Vi reduserer NOx-utsleppet med nesten 50 prosent, seier han.

Werge-Olsen seier at å kutte i NOx-utsleppa er særleg viktig. Oppgraderinga vert støtta med 90 millionar kroner av NOx-fondet.

– Dette er utslepp som er ei utfordring for miljøet og som vi kontinuerleg jobbar med for å redusere belastninga. Når vi får gjort ei slik oppgradering, tar vi ned belastninga vesentleg, så det er utruleg viktig at vi får gjort dette.

– Eigarane satsar

Fleire var skeptiske då Elkem fekk kinesiske majoritetseigarar med 58,2 prosent eigarskap i 2011. Då vart verket seld frå Orkla til China National Bluestar. Werge-Olsen meiner det er tydeleg at dei vil halde fram med å satse i Bremanger.

Arne Werge-Olsen

SATSAR: Verksdirektør Arne Werge-Olsen seier eigarane viser at dei satsar på Bremanger.

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK

– Elkem ASA viser at dei både er industrielle og har eit langsiktig perspektiv. Vi har gjort det bra – og gjort oss fortent til å få investeringar – og eigarane satsar på at Elkem Bremanger i høgste grad skal vere på kartet i mange år framover.

Også Robert Styve, som er operatør på omnen som skal oppgraderast, er positiv til dei kinesiske eigarane.

– Slik som det er no er det berre positivt. Dei investerer jo, så det er vel eit teikn på at vi blir her, seier han.

Investeringar for 400 mill.

Den nye omnen er heller ikkje den einaste investeringa som vert gjort i Bremanger. Til saman skal det investerast 400 millionar kroner dei nærmaste åra.

– Det er fantastisk at vi investerer så mykje pengar på oppgraderingar.

Verksdirektøren seier framtidsutsiktene for verket er gode.

– Det er klart vi er avhengige av ein marknad som spelar med oss, og av å ha dei rammebetingelsane vi treng for å drive her. Men sett ifrå vår side er vi godt rusta for framtida, og det ser lyst ut.

– Ein omfattande jobb

Ragnhild Jensen er prosjektleiar for oppgraderinga av omnen. Ho fortel at dei no har ein stor jobb framfor seg.

– Først er det ein stor og omfattande rivejobb. Deretter blir det ein stor jobb å montere alt det nye utstyret som skal på plass, seier ho.

Ifølgje Jensen er det no mellom 50 og 60 arbeidarar som jobbar med å rive den gamle omnen. Når monteringa av ny omn startar vil det vere rundt 150 arbeidarar i sving. Jensen er tydeleg på at oppgraderinga av omnen er viktig på fleire måtar.

– Det er så klart viktig for lokalsamfunnet at det blir satsa på ei bedrift på ein relativt liten plass. Det nye utstyret har òg mykje betre design når det gjeld prosessgassar, som gjer at innemiljøet vert betre med mindre støv.

Robert Styve, Vegar Andersen, Ragnhild Jensen og Arne Werge-Olsen

LYS FRAMTID: Robert Styve (f.v.), Vegar Andersen, Ragnhild Jensen og dei andre tilsette ved Elkem i Bremanger går ei lys framtid i møte, ifølgje verksdirektør Arne Werge-Olsen (t.h.).

Foto: Ina Christin Løvseth / NRK