Elkem Bremanger best i klassen

Arbeidstakarane i Sogn og Fjordane er mindre sjuke enn elles i landet, og Elkem Bremanger i Svelgen er aller best i klassen.

Elkem Bremanger
Foto: NRK

På landsbasis auka sjukefråveret med nesten ni prosent fra første kvartal i fjor til same perioden i år, medan det her i Sogn og Fjordane var ein nedgang på to prosent.

 

- Kraftig nedgang

Ifølgje Svein Thompson, som er informasjonssjef i Norsk Industri, er det særleg ei verksemd som trekkjer statistikken i positiv retning:

- Elkem Bremanger har hatt ein kraftig nedgang på 37 prosent. Det er svært bra.

Målretta jobbing i lang tid

- For det føste har vi IA-avtalen, som er ein avtale om eit inkluderende arbeidsliv, og der har vi ei individuell oppfylgjing, det er ein 24-månaders plan som vi går gjennom, fortel verksdirektør Steinar Talle ved Elkem Bremanger.

 I tillegg har Elkem Bremanger i lang tid jobba målretta for å redusere sjukefråveret. Men den heilt store betringa ser dei først no. For i løpet av eitt år har verket hatt ein nedgang i sjukefråveret på 37 prosent. Talle trur eitt av dei viktigaste tiltaka dei har gjennomført er opprettinga av små grupper som fører til at fleire arbeidarar opplever auka ansvar.

- Større innverknad på arbeidsdagen

- Vi har som ei fast arbeidsform forbetringsgrupper, der operatørane kjem saman i små grupper på tre-fire tilsette saman med ansvarleg ingeniør til faste tider heile året. Ein del av operatørane seier at dei får større innverknad på arbeidsdagen sin.

- Kva tykkjer du om at de har redusert sjukefråveret så mykje som bortimot 40 prosent?

- Kan bli endå betre

- Det er veldig bra. Dei siste åra har vi sakte, men sikkert redusert sjukefråveret, og det ynskjer vi å halde fram med. No ligg vi litt i underkant av seks prosent sjukefråver, og eg trur det er potensial for å betre det i år og.

Elkem har dei siste åra overført ansvaret for trivsel og eventuelle tiltak som må settast i verk ned til mellomleiarnivå. Steinar Talle trur dette har vore sterkt medverkande til dei positive tala.

Kostar 1900 kroner dagen

Elkem har 150 tilsette ved verket i Svelgen. Ei  undersøking frå SINTEF  syner at sjukefråveret koster gjennomsnittleg 1900 kroner kvar dag - først og fremst i tapt produksjon. I tillegg til den økonomiske sida meiner Talle at lågt sjukefråver kan gi ein viktig signaleffekt.